Riksantikvar Jørn Holme kom med den glade bodskapen til Odda i føremiddag. Fredingsvedtaket for Odda Smelteverk opnar for at Odda kjem med i søknaden om plass på Unescos verdsarvliste.

— Skriv at eg er letta og glad. No kan vi endeleg leggja bak oss all uvisse om framtida til Odda sentrum. No veit vi kva vi har å halda oss til, seier Odda-ordførar Gard Folkvord til bt.no.

Du kan lesa heile fredingsvedtaket her.

**Les også:

Freding av smelteverket utsett**

Einaste i verda

Fredingsvedtaket betyr ikkje at Gard Folkvord og Odda kommune har fått det nøyaktig slik dei ville, og som er uttrykt gjennom ein reguleringsplan, men Folkvord seier at uvissa og ventinga har vore det verste. No må det utarbeidast ein ny reguleringsplan for smelteverkstomta, og Folkvord lovar at det skal gå kvikt.

Det viktigaste som er freda på nedlagte Odda Smelteverk er cyanamidfabrikken med dei 325 omnane for produksjon av kunstgjødsel. Jørn Holme opplyste at det er berre Odda i heile verda som har eit slik anlegg ståande, nesten intakt.

Cyanamidfabrikken ligg i nordenden av smelteverkstomta. I sørenden ligg karbidfabrikken. Der er det fyrst og fremst skaltaket som er freda, på grunn av den visuelle effekten.

**Les også:

Odda trassar konservatoren**

Trur på kjøpesenter

Det som er under skaltaket er ikkje freda, og Holme gav stor fridom for dei som ville finna på eit aller anna der. Til dømes kjøpesenter.

Holme meinte forresten at kjøpesenter også kunne vera mogleg i nordenden, ved cyanamidfabrikken, men det har Gard Folkvord mindre tru på.

Riksantikvaren opplyste elles at det ville kosta rundt 20 millionar kroner å sikra mot forfall dei delane av Odda smelteverk som var freda. I tillegg ville det kosta en million kroner i året å halda dette vedlike.

Kva synest du om vedtaket? Syng ut i kommentarfeltet.