Han kom ikkje tilbake etter ein fisketur i Storefjorden i Gloppen fredag kveld. Båten hans vart tidleg lørdag funnen på fjorden — tom. Politiet fekk melding om den sakna litt før klokka 06.30 lørdag.

— Båten hans vart tidleg funnen inne ved land på Nesholmen i Gloppen. Men helikoptersøket lørdag gav ikkje resultat, og vi leitar no med dykkarar samt hjel-pekorpsmannskap på land.

Søket har utgangspunkt på Nesholmen, og området er på omtrent 2,5 ganger ein kilometer. Mannen brukte ein open plastbåt da han la ut på fisketuren ved 22.30-tida fredag. Det er framleis pent vær, men ein del vind i området.