«Jeg er drittlei! Drittlei av å være arbeidsledig. Drittlei av å søke jobber! Drittlei av å kontakte nettverket for å høre om noen kjenner noen, som kjenner noen...»

Dette skreiv Lise Brundtland i eit lesarbrev i Bergens Tidende for halvanna veke sidan. For tre år sidan vart ho sjukmeld frå jobben i Tollvesenet. Dei to siste åra har ho søkt jobb. I byrjinga søkte ho berre det som var aktuelt med hennar bakgrunn. No søkjer ho alle typar jobbar.

— Av og til får ein brev om at søknaden er motteken. Av og til får ein brev fleire månader seinare om at ein annan har fått jobben, og nokre gonger høyrer ein ingenting. Til slutt vart eg rett og slett så lei at eg skreiv dette brevet, seier Brundtland.

Ho underteikna med «Kvinne - 56 år», og skreiv til slutt at redaksjonen i BT ville vidareformidla kontakt.

Har alltid jobba

No har ho fått kontakt med fleire som anten treng folk med ein gong, eller som oppmodar henne om å søkja ei stilling som vert utlyst.

Ikkje alle jobbane var like relevante for henne, men ho har valt å senda inn søknad og CV til ein av dei. I tillegg var ho på eit jobbintervju like før lesarbrevet stod på trykk. Resultatet av det veit ho ikkje enno.

— Eg har jobba sidan eg var 19 år, berre avbrote av korte svangerskapspermisjonar. Og eg har alltid vore aktiv, både innan politikk, fagforeiningsarbeid og anna frivillig arbeid. No er eg så lei av å berre gå heime! Eg har kjøpt hytte og pussa henne opp, men no er det ikkje så mykje meir å gjera der, seier Brundtland.

Som mange andre i sin generasjon har ho lita formell høgare utdanning. Ho begynte som aspirant i Tollvesenet og jobba seg oppover i systemet til avdelingssjef og rådgjevar. I tillegg har ho teke nokre vekttal på BI.

— Eg har mykje erfaring. Men i dag skal ein helst ha høgare utdanning. Når eg snakkar med andre i same situasjon, seier dei at «i vår tid tok me realskule og eit år på handelsskulen. Så kasta dei jobbar etter oss». Slik er det ikkje lenger, seier Brundtland.

Må tena meir enn trygda

— Sjølvsagt kunne eg ha levd på trygd og så teke nokre svarte vaskejobbar på si. Men er det eit slikt samfunn me ønskjer, spør ho.

Aller helst vil ho ha ein sakshandsamarjobb der ho òg kan vera kreativ. Men ho er open for det meste, så lenge ho tener meir enn ho no får i trygd.

Gjennom lesarbrevet har ho fått kontakt med andre kvinner som er i same situasjon som henne. På aetat har ho òg treft kjenningar på same alder som no er utan jobb.

  • Nokre av kvinnene eg kjenner seier at dei skjønar at arbeidsgjevarane ikkje vil gi oss jobb. Men som mor mi på 91 år seier - ein må snakka om helse og ikkje om alder. Ho meiner eg bør oppsøkja arbeidsgjevarane og visa at eg er ein ung 56-åring, seier Lise Brundtland.
Odd Mehus