Sidan 1998 har Lerum Fabrikkar AS produsert daglegvarekjedenes sin eigen brus på 1,5L ombruksflasker, men 1. februar neste år er det slutt.

— Økonomiske grunner

  • Det er av økonomiske grunner. Marginane på disse produkta har vorte dårlegare. Volumet er blitt halvert dei siste fem-seks åra, medan produksjons- og distribusjonskostnadene har auka. Til saman gjer dette at vi ikkje lenger finn det forsvarleg å halde fram, seier administrerande direktør Jan Petter Vadheim.

Lerum sendte i dag ut ei pressemelding om avgjerda, etter at dei hadde informert tilsette i Kaupanger og Lærdal. Mellom 25 og 30 av dei vil miste jobben når brusproduksjonen blir lagd ned.

— Korleis reagerte dei tilsette?

- Tung dag

— Det er klart at dei som føler at arbeidsplassen er truga syntest det var ein tung dag, og det har vi forståing for. Samstundes følte vi at det var ei viss forståing for den avgjerda som er tatt, seier Vadheim.

Førebels er det ikkje bestemt når dei som misser jobben må gå.

— Vi skal i diskusjon med dei tillitsvalde få dette endeleg klargjort, men vi kjem til å bruke den tida vi treng og har ikkje bestemt nokon dato, seier Vadheim.

Han understrekar at det har vore ei vanskeleg avgjerd å ta for bedrifta.

- Verst å seie opp folk

— Lerum er oppteken av lokale arbeidsplassar, men denne gongen måtte vi gå til det skritt å seie opp folk. Det er langt verre å måtte seie opp så mykje folk, enn det økonomiske i denne saka, seier Vadheim.

"Slik stoda er når det gjeld avgifter i det framlagte statsbudsjettet for 2007, ser ein heller ikkje at effektive og miljø-venlege ”resirkflasker” kan hjelpe Lerum Fabrikkar AS til å ta kampen opp mot dei store gigantane innanfor produkt-området mineralvatn. Lerum-konsernet vil halde fram arbeidet sitt for å utvikle og modernisere kjerneverksemda, som er produksjon og distribusjon av ekte saft, syltetøy og juice", skriv Lerum i pressemeldinga.