Folk på veg ut eller inn er blitt fotografert, notert, sjekka opp i register og forsøkt intervjua — anten dei har noko med saka å gjere eller ikkje.

I parkerte bilar like ved inngangspartiet til lensmannskontoret har fotografane vore stasjonert nærast konstant sidan tidleg i førre veke.

I all si tragedie er drapet på Anne Slåtten ei både interessant og viktig sak, så pressa ser behovet for informasjon og foto også av vitne og tipsarar. For ikkje å snakke om eventuelle mistenkte eller sikta, dersom dei skulle bli tatt inn.

Ikkje alle er like glade for registreringa som pågår.

— Vi har opplevd dei siste par vekene som veldig spesielle. Kontoret vårt har vore nærast heilt beleira av fotografar, seier lensmann Kjell Fonn.

Sjølv om drapsetterforskinga har overskugga det meste av daglege gjeremål ved kontoret, har lensmannen også halde ope for folk med meir daglegdagse ærend hjå lensmannen. Ikkje alle kjem som vitne i drapssaka, ikkje alle har avlevert tips til etterforskarane.

— Hit kjem mange folk, anten dei skal ha seg nytt pass eller skal inn i samband med tvangssaker og liknande. Då forstår alle at det ikkje er så kjekt å bli fotografert og registrert av utanforståande, seier Fonn.

— Somme har reagert på dette, andre vel å oversjå det heile.

Fleire har klaga direkte til pressefolka som held kontoret under konstant oppsikt. Andre har klaga til personalet ved lensmannskontoret. Men lensmannen har ikkje vurdert å skjerme dei besøkande frå den uønskte merksemda.

— Dette er eit offentleg rom, og vi må faktisk godta dette når vi rører oss der, seier Fonn.

Fonn meiner det har vore rett av politiet å halde tilbake såpass mykje informasjon rundt etterforskingsarbeidet, og understrekar at det ikkje er akuelt å lette på trykket ved å sleppe meir.

— Vi sjå på kva som kan tene vårt arbeid, og slepp informasjon etter behov, seier lensmannen.

Han understrekar at politiet også er avhengige av pressa som kanal ut, og at det også er viktig å kommunisere at politiet framleis jobbar aktivt og er avhengige av hjelp frå publikum.

Og det er ikkje berre pressa som arbeider høgtrykk i Førde for tida. Den 57-årige lensmannen sjølv går i desse dagar gjennom sine tøffaste veker nokonsinne i jobben.

— Det er klart at både eg sjølv og andre her kjenner det på kroppen. Men det som driv oss fram er håpet om å få oppklara denne saka, seier lensmann Kjell Fonn.