Eit tilsvarande møte går av stabelen i Mo i Rana med LO-leiar Gerd Liv Valla som deltakarar. I Årdal fekk LO-nestleiar Arild Inge Lægreid applaus for eit krav om at Hydro-konsernet må yta nok att til lokalsamfunnet. Han har ennå ikkje forstått kvifor det ikkje vart noko av ScanWafer si etablering.

Den lokale LO-nestleiaren Hilmar Høel tok avstand frå den oppfatninga at prosessindustrien ikkje har livets rett utan å kunne marknadspris for elektrisk kraft. Dei store kraftmengdene som i dag vert brukt i industrien, er sjølvsagt freistande å få kloa i for ein marknad i underbalanse.

— Dei tek feil som oppfattar prosessindustrien som fortida sine verksemder, noko gamalmodig som høyrer heime på skraphaugen. Kjenneteikna er høg kompetanse, avansert teknologi med evne til energiøkonomisering og miljøtiltal, sa Høel.

I panelet sit Olav Akselsen (Ap), Leif Frode Onarheim (H), Hallgeir Langeland (SV), Liv Signe Navarsete (Sp) og Gunvald Ludvigsen (V).

SYNGENDE LENSMANN: Lensmann Kristen Olav Grøttebø i Årdal i aksjon. MMS-FOTO: ARNE INGE HOFSETH