Det var her Ågot Himle og Ivar B. Løne lenkja seg fast i husveggen for å hindra riving av Enkjeheimen, men vart fjerna av politiet, slik at svære gravemaskiner fekk gjort jobben.

I ei pressemelding frå stiftinga er prisen oppgitt til 2,2 millionar kroner.

Dette er langt lågare enn Voss bustadutvikling hadde tenkt seg då tomta vart rydda nattetid, med mykje oppstyr og negativ omtale av dei styrande i kommunen.

Huset frå år 1900 var vanskeleg å selja, og rådgjevarane meinte ein fekk betre pris for tomta om huset var fjerna.

Ågot Himle og Ole Didrik Lærum i Gamle hus pao Vangen har i ettertid sett fram skuldingar slett styring med kommunale pengar, og har bede Fylkesmannen granska om fleire administrative og politiske leiarar i Voss kommune har vore ugilde.

Stiftinga Sosialbygget har som føremål å skaffa eldre i kommunen rimelege bustader. Dei har frå før to hus i same kvartalet. Dei vil bruka Enkjeheimstomta til ei bustadblokk med 11-14 husvære for pensjonistektepar.