— I komande veke er det planlagt 20 operasjonar der pasientane skal fjerna mandlane. Vi kjem til å prioritera born, og utsetta operasjonar av vaksne, opplyser direktør Rolf Abrahamsen til Bergens Tidende.

Ikkje bakerst i køen

Abrahamsen garanterer at dei som får utsett operasjonen sin på grunn av sjukepleiarstreiken ikkje blir plassert bakerst i køen att.

— Vi skal prøva å få gjennomført operasjonane så snart som mogeleg etter at streiken er avblåst, forsikrar han.

Dersom streiken blir langvarig, kan ganske mange bli råka. I veke 7 (frå 11. februar) er det planlagt ei rekke operasjonar for urinvegsplager. Her vil kreftpasientane bli prioritert. Andre må belaga seg på utsetting dersom det framleis er streik.

Spent på lønsnemnd

Direktør Abrahamsen er spent på om regjeringa vil gripa inn i streiken med tvungen lønsnemnd. Sjukepleiarforbundet er svært varsame med kven dei tek ut i streik. Dei vil unngå at fare for liv og helse kan påberopast. Spørsmålet er om regjeringa finn streiken skadeleg for nasjonale interesser fordi ventelistene blir lange, på line med oljestreik i Nordsjøen.

Uheldig streik

— Ein streik no, etter berre tre veker med nyordning, er slett ikkje det vi treng. I denne omstillingsfasen skulle vi gjerne kunne arbeida i fred og ro, seier Abrahamsen.

Han har liten sympati for at Norsk Sjukepleiarforbund gjekk til streik når dei 39 andre fagforbunda aksepterte å forlenga avtalen som var inngått med tidlegare arbeidsgjevar i dei fire månadane som er att av tariffperioden. Fastlåst

Det var i går ingen kontakt mellom partane, og det kan gå mot ein langvarig streik. Fram til 5. februar vil streiken bli trappa opp til å omfatte 790 medlemer ved 29 sjukehus. Neste onsdag rammes Haukeland sykehus av ein eventuell opptrapping.