Dette er situasjonen ved Barne— og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) på Voss i desember 2004:

Ikkje ein spikar er slått i det planlagde påbygget, som skulle stått ferdig i desember 2002.

Det er prekær plassmangel både når det gjeld kontor og behandlingsrom.

Pasienttalet er i sterk vekst. Ventetida er gått opp frå tolv til atten veker.

Ved inngangen til desember i år var det femti prosent fleire nye tilviste pasientar enn i heile 2003.

— Situasjonen er veldig frustrerande, seier leiar ved poliklinikken, Gerd Blomhoff Pedersen, til BT.

— Gapet mellom det som blir uttrykt på politisk nivå og vår kvardag blir altfor stort.

- Ingenting har skjedd

Utbygging og styrking av BUP på Voss har i årevis vore oppført som prioritert oppgåve i opptrappingsplanen for psykiatrien i Hordaland. No er det over to år sidan planane for eit nytt påbygg til 6-7 millionar kroner var ferdige. Det vart brukt 600.000 på planleggingsarbeidet.

— Ingenting har skjedd. Desse pengane går tapt, dersom planane går ut på dato, konstaterer Blomhoff Pedersen til BT.

I opptrappingsplanen heiter det også at talet på fagstillingar skal aukast frå åtte til tolv. Det har heller ikkje skjedd.

Kanskje like bra. For plassproblema ved poliklinikken er no så store at det ikkje er kontorplass til ein ny assistentlege, som truleg blir tilsett rett over jul.

Det siste året har poliklinikken behandla langt fleire pasientar enn før. Den viktigaste årsak er at fokuset på barn og ungdom si psykiske helse er sterkare enn nokon gong, og fleire blir fanga opp.

Fritt sjukehusval og rykte om kort ventetid på Voss har også gjort sitt til at trykket har auka.

Misser tillit

Men den viktigaste årsaka er at særleg den yngste pasientgruppa veks.

— Det er bra, og heilt i tråd med politiske målsetjingar om at også dei yngste som treng hjelp må fangast opp av barne- og ungdomspsykiatrien. Men det er stor avstand mellom ideal og realitet. Vi må ha noko å møte desse pasientane med, seier Blomhoff Pedersen.

Blomhoff Pedersen meiner at situasjonen er uverdig, både for pasientar, pårørande og helsevesen. Ho fryktar at BUP Voss misser tillit i førstelinetenesta når ventetida blir lengre og lengre.

— Vi er avhengige av denne tilliten, fordi vi vil vere ein hjelpeinstans til å stole på. Når ein fastlege sit der med eit deprimert barn og får beskjed om at ventetida hos oss vert stadig lenger, skjer det noko med denne tilliten.