Dei største kreditorane har støtta denne løysinga. Mykje tyder på at selskapet må selja vitale teknologidivisjonar, og lengre konkursvern kan hindra at godbitane i selskapet går på billegsal.

L&H var med frå starten av språkteknologisatsinga på Voss, men vart råka av ein rekneskapsskandale, og er i dag ein svært beskjeden aksjonær i eitt av selskapa på Voss.