Fredag ettermiddag, 24. januar, var folk på Vikaleitet atter ein gong ute og forstyrra trafikken på E39 gjennom Åsane. For tredje gong på nokre få månader, og med god grunn, tykkjer dei sjølve.

— Vegen forbi her er smal og livsfarleg. Vi vart lova pengar til tunnel under Vikaleitet på statsbudsjettet for 2003. Så vart pengane overførde til E39 på Os. No er vi stygt redde for at tunnelen vert skuva ut i tid, seier aksjonsleiar Robert Tofting til Bergens Tidende.

200 millionar etter skjema

Tofting har grunn til å vera ottefull.

— To år ut i Nasjonal Transportplan (NTP) ligg Hordaland fylke 206 millionar kroner etter skjema, seier fylkestingspolitikar Arne Jakobsen, Ap.

Om det kan vera ei trøyst, er det om lag like ille i alle andre fylke. Vegdirektør Olav Søfteland slo fast alt i oktober i fjor, då statsbudsjettet vart lagt fram, at landet under eitt låg 1,3 milliardar kroner etter opplegget i NTP.

— Held det fram slik, vil etterslepet i 2005 vera på 2,5 milliardar kroner. Det betyr at mange viktige vegprosjekt må venta på tur, seier Søfteland til BT.

Konkurranse om pengane

Regionvegsjef Ole Chr. Torpp har lite trøyst å gje til dei demonstrantane på Vikaleitet.

— Tunnelen under Vikaleitet er eit fornuftig prosjekt som vil gje god trafikksikring. Men med trongare rammer, vert konkurransen om pengane endå hardare. På E39 har vi og Romarheimsdalen, som stod på lista i fjor og fall ut. Så vert det anleggsstart i Os i år, og dermed må det løyvast pengar til å halda arbeidet i gang. Kanskje kan vi rekna med å få Vikaleitet opp tidleg i neste periode av NTP, frå 2006, seier Torpp, og legg til: - Men hugs at det er politikarane, Stortinget, som avgjer dette.

Motverka arbeidsløysa

Petter Løvik, H, leiar i samferdslekomiteen, lovar ingen ting: - Utviklinga i økonomien er vel slik at vi framleis må leva med stramme budsjett på alle område. Vi skulle gjerne ha henta inn att etterslepet, og det er målet vårt, men i røynda vert det hardt nok å hindra at etterslepet vert endå større.

Fylkesordførar Gisle Handeland viser til auka arbeidsløyse, og meiner det er på tide at motverka dette ved å løyva meir pengar til vegbygging.

— Dette er ei høgt prioritert sak for Vestlandsrådet, der Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er med. Saman vil vi setja inn eit sterkt press mot Stortinget, for å hindra at vi kjem endå dårlegare ut vi alt har gjort. Og sjølv skal eg med det fyrste møta Hordalands-benken på Stortinget, seier Gisle Handeland.

Bergen bør forskottera

I mellomtida lurer folk på Vikaleitet på kva dei no skal gjera.

— Vi har vel resignert litt. Men på den andre sida kan vi ikkje anna enn å halda fram med å demonstrera ute i vegen. Det er berre slik vi vert lagt merke til. Vi har sendt brev til Bergen kommune om saka, men utan at det kjem noko ut av det. Så vidt eg veit er det i Bergensprogrammet sett av 250 millionar til trafikksikring. 70-80 millionar av dette kunne gå til tunnelen under Vikaleitet, for dersom ikkje det er trafikksikring, så veit ikkje eg.

Arne Jakobsen meiner Bergen kommune heller burde ta frå bompengefondet og forskottera dei 80 millionane tunnelen vil kosta.

— I fjor nekta Bergen kommune å gå med på dette. Men det må då gå an å snakka om det. Dette er pengar Bergen vil å få attende, seier Arne Jakobsen.

FAKSIMILE av Bergens Tidende laurdag 26. januar.