«Mongoland»-regissør Arild Østin Ommundsens siste Stavanger-film er ei oppvisning i lekker presentasjon. Kombinasjonen av vakkert biletspråk og nydeleg, smakfull filmmusikk av Thomas Dybdahl (hans debut som filmkomponist) gjer det heile estetisk svært tiltalande.

Jonny Kristiansen (Christian Rubeck) er headhunta som seljar for finanskonge Fredrik Sagen (Fridtjov Såheim) sitt imperium i Stavanger.

Christian Rubeck, sist sett i «Max Manus», gjer si første hovudrolle på lerretet, og kjem godt frå det. Han maktar å få fram dei indre konfliktane som herjar med Jonny.

Sjølve historia er både intrikat og interessant. Men eg saknar litt meir psykologisk spenning. Utan inngåande kjennskap til finansmiljøet, skal eg ikkje gå nærare inn på kor realistisk det blir framstilt her. Med høg sigar— og champagneføring veltar dei unge Stavanger-broilerane seg i stripparar, festing og luksusliv.

Alt i alt: svært godt presentert, med gode skodespelarprestasjonar. Men litt retningslaust til tider.

«Rottenetter» avslutta Filmfestivalen i Haugesund sist veke. Fullstendig melding av filmen stod på trykk i BT fredag 28. august.

HARALD ESPELAND

Enig med vår anmelder? Si din mening her.