Vasspruten frå tunneltaket inne i Finsetunnelen uroar likevel Jernbaneverket. Det vert arbeidd med å leia vatnet unna sårbare tekniske installasjonar.

Ein rekke ekspertar har nyleg vore på synfaring. Dei har også sett på tiltak i andre tunnelar og snøoverbygg mellom Voss og Finse. Det vert mellom anna arbeidd med utskifting av brannfarlege plater så langt vedlikehaldsbudsjetta held, og så raskt arbeidsøktene mellom toga tillet.

LEKK: Morgonekspressen frå Bergen til Oslo kjører ut av den våte Finsetunnelen. ARKIVFOTO: HELGE SUNDE