— Det er ikkje mange stillingar for geofysikarar. Difor må ein reise dit jobben er, seier Kristof Sturm. Unge internasjonale forskarar leiter i dag over heile verda etter jobb.

Sturm kom til Bergen for ni månader sidan, lokka hit av eit tilbod om ei post. doc-stilling på Geofysisk institutt. Før det har franskmannen hatt to forskarår i Australia.

No har han ein to års kontrakt på forskaropphald på Høyden, saman med kollegaene Christophe Bernard, Kristin Richter og Karen Assmann. Sistnemnde har alt vore her i to år og har nyleg signert for to nye år.

Dei norske er familiekjære

— Ein er seinare ferdig med doktorgraden i Noreg. Samstundes får ein barn tidlegare enn det som er vanleg for stipendiatar i Tyskland. Der er det ikkje vanleg å få barn før ein er ferdig med doktorgraden sin, seier Karen Assmann, post.doc på geofysisk institutt.

Den teorien blir støtta av Jan Petter Myklebust, underdirektør ved internasjonalt kontor på Universitetet i Bergen (UiB).

— Norske doktorgradsstudentar er eldre når dei er ferdige. Då har dei gjerne stifta familie og er mindre mobile, seier Myklebust.

Ei av årsakene til at dei norske kandidatane er eldre når dei disputerer, er i følgje Myklebust at doktorgradssystemet ikkje har vore effektivt nok.

Støtteordningar

Universitetet held no på å kartleggje doktorgradsstudentane si internasjonale erfaring gjennom IPOD-prosjektet. I spørjeundersøking der omtrent halvparten av dei 1050 doktorgradsstudentane ved UiB svarte, kom det fram at økonomi og familie er dei viktigaste årsakene til at dei norske forskarane held seg heime.

Tiltak som skal hjelpe kandidatane til å skaffe seg internasjonal erfaring, er eit betre system for utanlandsopphald. Det gjeld å finne gode stader ein kan reise til utan å verte forseinka i doktorgradsarbeidet.

— Me må også leggje til rette for å ta familien med seg når ein reiser ut.

— Kvifor er det så viktig at doktorgradsstudentane reiser ut?

— Dei vil tene på det fagleg sett. I ei globalisert verd må dei få seg erfaringar frå andre stader. I dag vert 70 prosent av doktorgradsstudentane forskarar. I framtida må kanskje halvparten finne seg eit alternativ til ei forskarstilling. Det må dei vere rusta for, seier Myklebust.

Satsing på geofysisk

Dei siste fem åra er det berre utlendingar som er tilsett i dei fem stillingane som har vore utlyst. Mellom dei unge kortvarige stillingane som post. doc-stillingane og stipendiatar er berre halvparten nordmenn.

— For fem år sidan var det knapt utlendingar i den faste faglege staben. No har fem av tretti faste stillingar opphav frå andre land, seier instituttleiar Peter M. Haugan på geofysisk institutt.

— Viss me sit for oss sjølve her i Bergen, vert det fort snevert. Sjølv om informasjon flyt raskt i dag, er det noko anna å jobbe saman og møtest ansikt til ansikt, seier Haugan.

NOMADELIV: Unge internasjonale forskarar leiter over heile verda etter jobb. Eg oppfattar det mindre internasjonalt her i Norge enn mange andre stader, seier franske Kristof Sturm (nummer to frå venstre). Frå venstre Cristophe Bernard (Frankrike), Kristin Richter (Tyskland), Karen Assmann (Tyskland).
Høvik, Tor