I Fjaler blei ein sauesankar funnen av leitemannskap i fem-tida i dag tidleg. Mannen blei funnen i god behald ved Styggeheia mellom Guddal og Vassdalen. Sausesankaren blei meld sakna då han ikkje kom fram til avtalt stad i går kveld.

I går kveld blei det også sett i gang leiting etter ein mann i 40-åra som skulle gå tur frå Naustdal til Jølster. Mannen blei funnen like etter midnatt. Han hadde brukt lenger tid enn rekna med.