Når rekrutteringa sviktar i norsk landbruk, tyr Norges Bondelag og Norges Bygdeungdomslag til nye metodar for å få opp undgommen si interesse for ei grøn utdanning og bondeyrket.

Både Facebook og snøggmatkjeda McDonald's er trekt inn i bygdeungdomslagets rekrutteringskampanjar.

Ut i fjøset!

— Vi skal få Facebook-generasjonen ut i fjøset! er mottoet til Norges Bygdeungdomslag (NBU) sin leiar, Nils Håvar Øyås.

NBU og Bondebladet viser til undersøkingar som fortel at det blant nordmenn er over 80 prosent støtte til eit standpunkt om at det er viktig å oppretthalda norsk landbruk for framtida, samstundes som berre 28 prosent vil tilrå folk å ta ei landbruksutdanning. I vår brukte organisasjonen serveringsbretta på landets McDonald's-restaurantar til å formidla bodskapen om at grøn utdanning er framtidsretta og klokt.

— Vi må møta dei unge på deira eigne arenaer. Så langt er det for tidleg å seia kva effekt aktiviteten vår på sosiale medium har hatt, seier leiar i Hordaland Bondelag, Clara A. Hveem.

Ho seier at det også er viktig for bondelaga å stilla på utdanningsmesser og å informera om næringa i ungdomsskulane.

- Grunn til uro

— Det er grunn til uro for den sviktande rekrutteringa til landbruket. Vi kjem ikkje unna inntektsspørsmålet, og her er bondeyrket særleg utsett i Hordaland, der konkurransen er sterk frå godt betalte jobbar blant anna innan olje, seier Clara A. Hveem.

Auka rekruttering er eitt av åtte hovudutfordringar som Hordaland fylkeskommune framhevar i sin Regionale næringsstrategi for landbruket. Dei sju andre punkta er å halda landbruksarealet i hevd, veik lønsemd, å få lokale produkt ut på den store marknaden, krav til høgare kompetanse og omdømebetring, profilering av landbruksprodukt og løft for bygdeturismen.

Ifølgje næringsstrategien som Hordaland meisla ut i 2010, representerer landbruket i fylket ei verdiskaping på 562 millionar kroner i året, mest i Voss, Ullensvang, Kvinnherad, Kvam og Etne.