DAG IDAR TRYGGESTAD

PER MARIFJÆREN

I går var sivilt politi atter ein gong ute og leita i eit område i boligfeltet Tåene — om lag 500 meter vest for Angedalsvegen der Anne Slåtten vart funnen drepen.

Flukt i terrenget

Lensmann Kjell Fonn vil ikkje svare på kva politiet leitar etter, eller om det er vitne som har gjort interessante observasjonar i området.

— Vi kommenterer ikkje slik spørsmål, seier Fonn.

Politiet opnar for at vegen gjennom Tåene kan ha vore fluktvegen til drapsmannen, og at han derfor kan ha kasta frå seg ting på vegen. I så fall må det ha vore ein person som er kjend i området.

— Det er klart at dette området er ein mogleg fluktveg. Her kan ein skjule seg i terrenget, seier lensmannen.

Leitar etter flaske

Sentralt i jakta på bevis er drikkeflaska som Anne Slåtten vart observert med drapsmorgonen. Eit vitne såg det politiet trur var Slåtten bere på ei flaske med blå etikett - truleg ei Imsdal eller Farris-flaske. Denne flaska er ikkje funnen.

— Vi har leita langs Angedalsvegen uten å finne flaska. Den er vi framleis interessert i å få tak i, og leitar derfor i eit større område, seier Fonn.

Ein av teoriane til politiet er at flaska har vore i gjerningsmannen sine hender og at han seinare har kvitta seg med denne.

— Vi veit at det er mange som er ivrige etter å samle flasker. Har nokon teke med seg ei slik flaske frå terrenget, ber vi om at dei kontaktar oss, seier lensmannen.

— Men det er ikkje berre flasker vi vil ha. Alt som publikum finn og som ikkje har lagt ute lenge, vil vi vite om.

Held motet oppe

I dag er det to veker sidan Anne Slåtten vart funnen drepen i Angedalsvegen. Politiet trappar opp at etterforskinga etter helga, og manglar ikkje arbeidsoppgåver. Tipsa har jamt og trutt kome inn gjennom helga etter at politiet ba om å få vite om personar som har endra adferd etter drapet, eller som er påført kloremerke.

— Vi vil ikkje seie kor mange slike tips vi har, men det er mykje å jobbe vidare med, seier lensmann Fonn.

KAN TA TID: - Heilt frå starten har eg sagt at vi må vere budd på at dette kan ta tid. Det er stadig ting som gjer at optimismen stig i staben, sjølv om vi dag ikkje har nokon mistenkte, seier lensmannen Kjell Fonn. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH