TERJE ULVEDAL

Vitne fortalde i går kveld Bergens Tidende om det spesielle opptrinnet utanfor den studentdrivne utestaden Meieriet. Ingen av vitna ønskjer å stå fram med namn.

Mot hennar vilje

Fleire personar la ein gong mellom kl. 01.00 og 01.30 merke til ein mann som såg ut til å prøve å få med seg ei jente mot hennar vilje.

— Det verka som han forsøkte å dra kvinna med seg. Episoden var så spesiell at alle vi som stod ute, la merke til det. Vi kommenterte og snakka om det der og då, fortel ein av dei som var utanfor utestaden.

Etter at mannen først forsøkte å tvinge kvinna med seg, roa situasjonen seg.

— Vi la merke til at dei to gjekk saman frå Meieriet. Då såg alt ut til å vere normalt, fortel vitnet. Det siste dei som stod utanfor Meieriet såg av mannen og kvinna, var at dei gjekk oppover mot ein Rimi-butikk. Denne ligg like ved Gravesteinsgata, hovudgata gjennom Sogndal sentrum.

Lyst hår

Den spesielle observasjonen blei gjort utanfor den studentdrivne utestaden Meieriet ei stund etter klokka eitt natt til torsdag. Dette er omtrent samstundes som siste sikre observasjon av den drepne Telemark-jenta. 19-åringen henta kåpa si i garderoben på Meieriet klokka 01.15.

Til Bergens Tidende seier vitnet at han ikkje er sikker på om kvinna kan ha vore den drepne 19-åringen.

— Eg såg ho berre bakfrå. Men det var ei kvinne med lyst hår, og kan stemme med den drepne folkehøgskuleeleven.

Politiet er kjend med observasjonen utanfor Meieriet. To av personane som såg opptrinnet var i går kveld i avhøyr. Dei melde seg sjølv på lensmannskontoret. Der fekk dei beskjed om at dei ville bli oppringde seinare i går kveld. Men det tok berre nokre minutt før politiet var på tråden, og ba dei komme til formelt avhøyr. Avhøyret skal ha vart i eit par timar.

Veit kven han er

Etter det Bergens Tidende kjenner til, veit fleire av dei som stod utanfor Meieriet kven mannen er. Politiet kjenner difor identitet, og har synt stor interesse for huset der mannen bur i Sogndal. Ved fleire tilfelle dei siste dagane har sivile politibilar stått parkert i nærleiken av bustadhuset. Politiet skal også ha vore på fleire utestader i Sogndal, og spurt om nokon har sett mannen.

Etter det Bergens Tidende kjenner til er mannen ein kjenning av politiet. Han skal ved fleire tilfelle ha oppført seg på ein måte som har skremt folk.

Politiet avviser at dei har nokon spesielle personar i kikkerten.

— I ei slik sak vil det alltid vere personar vi ønskjer kontakt med, men som ikkje kjem til oss. Då går vi sjølvsagt aktivt ut. Men vi har ingen mistenkte, understrekar politiadvokat Knut Broberg.