Bestemor kan ikkje lenger ta for gitt å bli oppkalla. Det kjem heilt an på kva ho heiter.

— Eg veit ikkje om eg ville ha kalla opp far min dersom han heitte Kjell, seier Elin Johanne Kaasa, mor til fire born som alle har arva namna sine etter eldre eller avdøde slektningar.

Lauritz på 16 er oppkalla etter morfar. Johannes på 12 etter morfar til pappa Dag Harald Kvammen Andersen, Harald på seks etter farfar og Elin på tre fekk det namnet mora alltid har hatt, men aldri brukt.

— Vi hadde ikkje bestemt oss for at borna våre skulle kallast opp, men det blei slik, kanskje fordi eg kjem frå ein familie der alle er oppkalla, seier Johanne Kaasa.

— Dag Harald ville at førstemann skulle heita Johannes, for han likte det namnet så godt, men etter sju veker greidde eg å trumfa gjennom Lauritz, fortel ho. Då andremann også blei ein gut, var det derimot klar bane for Johannes.

Forventa oppkalling

At førstemann vart oppkalla etter morfaren, skapte forventningar i deler av familien om at fleire av besteforeldra skulle bli kalla opp. Då tredjemann kom, var det farfar sin tur og namnet blei Harald.

Det blei vanskelegare å finna namn på jenta. Namna til bestemødrene, Jorunn og Dagny, stod ikkje øvst på ønskjelista. Dei lyt setja si lit til namnesmaken i neste generasjon.

Dermed avslørte foreldreparet i Gamle Nøstegaten seg: Det var viktigare å velja eit namn dei likte enn å driva konsekvent oppkalling.

— Elin fekk namn då vi passerte Skei i Jølster i bil på veg til hytta på Sunnmøre, fortel Elin Johanne. - Vi hadde ikkje snakka om det namnet før, det var Dag Harald sitt forslag og heile familien var enig med ein gong.

— Familien min blei overraska. Dei trudde jo eg ikkje likte det namnet sidan eg sjølv aldri har brukt det.

Held på tradisjonen

Johanne Kaasa fortel at det var heilt spesielt den dagen ho kunne fortelja far sin at han var blitt kalla opp. - Eg trur ikkje han venta at vi gjorde det, men han blei glad. Mor hans heitte Johanne og i slekta vår har mor og son heitt Johanne og Laurits i fleire generasjonar. Eg synest det er kjekt å vera med på å føra den tradisjonen vidare, seier ho.

Johanne fortel at ho møter mange som ikkje er opptekne av å kalla opp borna sine etter nokon, og folk som synest det er rart at ho og mannen hennar gjer det.

— Dei spør kva som er vitsen og synest vi er lite originale. Eg synest det er eit poeng at namna har ein verdi for oss utover det at vi synest dei er fine. Og i det daglege fungerer namna i familien vår fint, sjølv om fleire av dei liknar svært på kvarandre.

Men det kan sjølvsagt bli litt kaotisk for reisebyrået når heile familien skal på tur og det skal skrivast ut flybillettar til Elin Johanne Kaasa, Elin Kaasa Andersen, Johannes Kaasa Andersen, Dag Harald Kvammen Andersen, Harald Kaasa Andersen og Laurits Kaasa Andersen!

Nummer 13 i rekkja

I Ulvik bur ein liten gut som nyleg fekk namnet Olav. Han er son til Magnus Rondestveit og Heidi Kristensen. Farfaren hans heiter Olav, oldefaren Magnus. På denne garden har odelsgutane heitt Olav og Magnus annankvar gong sidan på 1600-talet. Vesle Olav Magnusson er nummer tretten i denne ubrotne namnetradisjonsrekkja.

— Så vi hadde ikkje noko val. Men vi likar namnet Olav og vi synest det er viktig å følgja tradisjonen, seier mora.

Når vesle Olav skal skiljast frå bestefaren, vil han bli omtala som Olav den yngre.

Men hadde den nyfødde blitt ei jente, ville foreldra på Rondestveit stått heilt fritt. Og då hadde namnet blitt Embla, røpar Heidi Kristensen.

ALLE ER OPPKALLA: Søskenflokken i Gamle Nøstegaten har alle namn frå slekta Johannes Kaasa Andersen (øvst i dissa) er oppkalla etter ein oldefar, Lauritz (i midten) etter morfar, Harald (til venstre) etter farfar. Elin fekk det namnet mora alltid har hatt, men aldri brukt.
FOTO: ROAR CHRISTIANSEN