TERJE ULVEDAL

terje.ulvedal@bt.no

Tjuvane fekk med seg fotoutstyr til ein salsverdi for bortimot 400.000 kroner under innbrotet hos Reiakvam Foto. Dei har komme seg inn på baksida av forretningen i Førde sentrum.

Politiet gjekk i går kveld ut og ba om tips om to bilar som er sett på ferja mellom Lavik og Oppedal klokka 0630 tysdag morgon. Tidlegare på dagen blei politiet i Hordaland varsla om dei to bilane. I dei to bilane, begge av typen VW Golf var det fem menn av utanlandsk opphav.

Den eine Golfen, som er ein beige eller gull metallic todørs utgåve frå midt på 80-talet, er utanlandsregistrert. Den andre er nyare, truleg ca 1990-modell, lys mellomblå farge og 4-dørs. Denne bilen er norskregistrert, muligens med UC-skilt.

Politiiet har funne tekniske spor i samband med innbrotet.