Kvinna blei sist sett då ho gjekk heimanfrå på dagtid i går. Då ho ikkje hadde komme heim att ved 21-tida i går kveld, blei det meldt frå til politiet.

I heile natt har mannskap frå hjelpekorpset i byen og hundar leita etter kvinna. Leiteaksjonen har konsentrert seg om sentrumsområdet.

— Vi har hatt 13 personar ute i heile natt. No er vi i ferd med å kalle inn mannskap også frå naboområda. Vi vurderer også å bruke helikopter, seier Harald Vårdal ved politidistriktet til bt.no.

Det er ikkje mistanke om noko kriminelt.