Leitinga etter den fatale kursen ulukkeskvelden 26.november 1999 heldt elles på å sprengja rettens samansetjing då rettsforhandlingane starta i går. Den tiltalte kapteinen Sverre J. Hagland sin advokat, Per Magne Strandborg, kravde at meddommar Nils Jonas Sætre, ein 55 år gammal skipsførar frå Stord, skulle vika sete som inhabil.

Bakgrunnen for Strandborgs påstand var uttalar frå Sætre under diskusjonar mellom partane på bakrommet fredag. Rettens formann Jan Ivar Brønn hadde fleire gonger bede om at det frå aktoratets side skulle utarbeidast ein rekonstruksjon av den kritiske delen av seglasen før samanstøyten med Store Bloksa.

Kan bli ankemoment

Det var HSDs forsvarar Svein Aage Valen som stoppa diskusjonen på bakrommet etter at meddommar Sætre skal ha gitt til kjenne at han hadde alt gjort seg opp ei meining om korfor «Sleipner» kom ut av kurs og gjekk på skjeret.

Tingrettens formann, Brønn, vedgjekk at Sætre hadde formulert seg uheldig, men konkluderte med at han ikkje var inhabil. Meddommaren hadde ikkje ytra seg kategorisk, meiner Brønn.

Rettskjennelsen kan ikkje påkjærast under hovudforhandlingane. Derfor vil insidensen på bakrommet høgst sannsynlig bli eit moment ved ein eventuell anke frå kaptein Haglands side.

«Tullprat», seier maskinsjef

«Sleipner» s tidlegare maskinsjef Leiv Sørbø (60) held i sitt vitneprov i går fast ved at det var feilnavigering som førte fartøyet opp på Store Bloksa 26.november 1999.

Den i dag pensjonerte maskinsjefen frå Karmsund stadfesta også politiforklaringar frå dagen etter ulukka om at han hadde vore svært skeptisk til flåtearrangementet då han første gong såg fartøyet sommaren 1999. Det var for store og uhandterlege flåtar og eit komplisert forhalingsutstyr, meinte han.

Likevel såg han det nyttelaust å få endra systemet ettersom det var gokjent av Sjøfartsdirektoratet.

Leiv Sørbø sa at det var reine spekulasjonar og tullprat å hevda at avrista baugforlengarar og deformert skrog var årsak til ulukka.

Aktor Eirik Stolt-Nielsen konfronterte maskinsjefen med forklaringa han gav til politiet der Sørbø sa at kapteinen måtte ta ansvaret for feilnavigeringa.

I politiforklaringa skal «Sleipner» s maskinsjef ha sagt at kaptein Sverre J. Hagland ikkje deltok i organiseringa av redningsarbeidet, at han var apatisk.

— I ettertid kan han ha gjort mykje som ikkje eg fekk med meg, sa Sørbø under eksaminasjonen frå Stolt-Nielsen.

Fall i sjøen grunna drakta

Maskinsjefen forklarte også at han ved passering Ryvarden ulukkeskvelden hadde reagert på at fartøyet låg lengre vest enn han var van med. Leiv Sørbø forklarte det med at det truleg hadde samanheng med at det no blir navigert meir etter radar enn etter fyrobservasjon.

Leiv Sørbø kom med kritikk også av overlevingsdraktene som mannskapet iførte seg ulukkeskvelden. Draktene hadde berre ein storleik, i Sørbø sitt tilfelle altfor stor. Han snubla i dei lange føtene, drakta var årsak til at han ramla på dekk og gleid av dekk og i sjøen etter grunnstøytinga, sa han.

I ettertid har Leiv Sørbø også hevda at «Sleipner» var altfor dårleg konstruert. Båten burde ha halde dobbelt så lenge som han gjorde før han gjekk i oppløysing etter grunnstøytinga, hevdar han.

Gammal radar-vane

Ifølgje dagleg leiar John Søreide i radarselskapet Kelvin Hughes Norge burde fleire snøggbåtførarar skifta funksjon blant vala dei har i radarmenyen. Dei fleste brukar Head opp-funksjon, slik kaptein Hagland gjorde på «Sleipner».

— Gammal vane, sa Søreide, som meiner dei bør bruka Kurs opp eller Nord opp, som gir eit meir stabilt radarbilde som tek godt omsyn til «giring» eller sideforskyvning på bølgene, og som gjer stemningobjektet - til dømes ei fyrlykt - tydelegare.

Søreide sa i si vitneforklaring i går at han aldri før har høyrt om at navigatørar uforvarande har kome borti knappen på armlenet i førarstolen som regulerer rekkevidda på radaren opp og ned. Det er eit slikt scenario Haglands forsvarar Per Magne Strandborg har lagt til grunn for at kapteinen har ført fartøyet ut av kurs.