Nå må folk på Stord til Skjersholmane dersom dei skal ta ferja til Ranavik og Sunde i Kvinnherad.

— Det er hol i hovudet. Før kunne me gå heim frå ferja, no må me hentast i bil eller ta buss, seier dei snart 15 år gamle Stord-jentene Marianne Andreassen og Bertha Louise Myhre. Som saman med familiane ofte nyttar ferja til og frå hytter på Halsnøy og Sunde.

Fredag stod dei på Skjersholmane og venta på skyss med Bertha Louise sin far. Det er hit Ranavik- og Sunde-ferja er forvist av vegkontor og samferdsledepartement frå og med 1.mai. Ei halv mil utanfor Leirvik. Endå lengre unna Kvinnherad.

— Det er ikkje dei som sit inne i Oslo og bestemmer som får føla kor mykje dyrare og meir tungvint reisa blir, seier Marianne.

Passasjerferje

Ferja mellom Sunnhordlands to mest folkerike kommunar har i stor grad vore ei passasjerferje for pendlarar og handlereisande til og frå Leirvik sentrum. Det er bakgrunnen for den sterke reaksjonen i Kvinnherad og på Stord mot å flytta sambandet til Skjersholmane.

Før eller seinare er HSD og fylkeskommunen nøydd til å kompensera ferjeflukten frå Leirvik med endå fleire snøggbåtar mellom regionsenteret og Kvinnherad.

Kvart døger blir det frakta 600 bilar med ferje over Klosterfjorden. Og eit halvt tusen personar som ikkje har bil.

Plass for buss

Torsdag var den første ferjefrie dagen på Leirvik hamn sidan legendariske MF «Folgefonn» blei sett i trafikk her som HSDs første reine ferje rundt 1950.

På det som før var oppstillingsplass for ferja, var det fredag godt med parkeringsplass for handlande på Vinmonopolet og andre butikkar i området.

HSD har søkt Stord kommune om å få flytta bussterminalen ned til ferjekaien som etter kvart var for liten for ferjekøar, og som dessutan hadde for liten køyrelem til å ta imot store ferjer.

Stordabuar flest innser at det av omsyn til biltrafikken var fornuftig å få ferja ut av Leirvik sentrum. Så får framtida visa om regionbyen nokon gong får ferjetrafikk tilbake. Djupavik utanfor moloen er eitt av fire alternativ som er vurderte som ny ferjeterminal til å handtera Kvinnherad-trafikken.

TUNGVINT: Venninnene Marianne Andreassen t.v. og Bertha Louise Myhre er blant mange ferjefarande utan bil som mislikar forflyttinga av Kvinnherad-ferja frå Leirvik til Skjersholmane.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR