— Denne kunne eg nesten tenkt å ha sjølv, seier Mads Berven. Den kjende jazzgitaristen står midt inne i butikken til Toys'R'Us i Åsane og klimprar på ein blankskinande, kvit elektrisk gitar.

— Godt bygt. Lang, fin hals. Vaksen storleik. Og her er det USB-uttak. Du kan kopla han direkte til PC-en og bruka PC-en som forsterkar mot høgtalarane. Her er og uttak for hovudtelefonar. Så det er berre å setja i gong. Nesten proff kvalitet.

Prisen hjå Toys'R'Us er kr 1095,-.

— Kunne du ha nytta denne gitaren i ein konsert framfor eit publikum?

— Ja, det kunne eg nesten.

— Og ingen ville merka noko?

— Mange ville sikkert sjå at det var ein billeg gitar, men få ville høyra det, trur eg. Med ein elektrisk gitar kan vi regulera lyden. Det er ikkje som med eit akustisk instrument.

Assisterande butikksjef hjå Toys'R'Us i Åsane, Robert Totland, seier til BT at dei har hatt denne gitaren i butikken eit par år.

— Salet har gått litt opp og ned, men rundt juletider går det mange, seier han.

Prisen på gitaren er knapt eigna til å skremma fagbutikkane. Ein av dei største, Hagstrøm, har elektriske gitarar til om lag same pris i sitt assortement, som kan sjåast på internett. Men dei som vil, kan og skaffa seg ein til 36.000 kroner.

— Du betalar ein god del for merket. Ein gitar til rundt 5.000 kroner er som oftast god nok til mitt bruk. Du veit, det kjem ikkje berre an på gitaren, men også på den som spelar, seier Mads Berven.