Den nye leikeplassen ved Tinghuset nærmar seg nå fullføring; og vart i går utprøvd av ei sakkunnig gruppe på området: – ein flokk barnehageborn.

Utprøvinga såg ut til å falla i smak hjå dette høgst sakkunnige organet; for borna fann seg så vel til rettast at dei helst hadde blitt på leikeplassen lenger enn meininga var.

Ikkje minst fall den fargerike klatreveggen i smak. Dette får sjefsingeniør og leikeplassplanleggjar, Olav Bjørke, til å sitera ein episode der filosof og klatreentusiast Arne Næss fekk spørsmål frå ein aldrande mann: " Kvifor klatrar de? "

Og det filosofiske svaret kom like brått som uventa: " Kvifor har de slutta? "

Den nye leikeplassen vart testa ut i går.
Per Backer
Ungane koste seg i klatreveggen.
Per Backer