Samferdsleministeren har dermed sett bort frå vegdirektør Olav Søfteland si innstilling, der han hadde Bergen som sitt klåre val for Region Vest, som er Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

På tvers av direktøren

Men også for dei andre fire regionane har Skogsholm gått på tvers av vegdirektøren.

I Region Sør valde ho Arendal i staden for Skien, i Region Aust Lillehammer i staden for Oslo, i Region Midt Molde i staden for Trondheim og i Region Nord Bodø i staden for Tromsø.

Torild Skogsholm seier at ho har lagt særleg vekt på omsynet til desentralisering og ynskjet om ei meir balansert fordeling av statlege arbeidsplasar i dei einskilde landsdelane.