Stig Johannesen på Halsnøy pendlar dagleg med ferja frå Sydnes til Utbjoa til jobben som dagleg leiar på Coop i Ølen. Onsdag kom han seg ikkje på arbeid fordi Fjelberg-ferja MF «Sveio» var til reparasjon etter grunnstøytinga i Fjelbergsundet 1. nyårsdag.

Fram til reserveferja kom på plass onsdag ettermiddag, var øysamfunnet med 124 innbyggjarar prisgitt skyssbåten. Alle som var avhengig av bil stod fast.

Uhell på uhell

Johannesen er lei av gammalt ferjemateriell og meiner det no går på tryggleiken laus. Sidan 2010 har dagpendlaren talt opp tre grunnstøytingar og eit nestenuhell med 37-åringen MF «Sveio» og forgjengaren MF «Fusa», som er 42 år.

— Ferjene er gamle, og eg synest det er ille for dei som er ansvarleg for tryggleiken om bord, seier Johannesen.

Han viser til grunnstøytinga 1. nyårsdag og til grunnstøytinga 11. oktober i fjor ved Utbjoa. Han var dessutan sjølv om bord i MF «Fusa», då ferja var nær ved å køyra på land i vår.

I tillegg viser han til ei grunnstøyting med MF «Fusa» i 2010.

Ifølgje Johannesen har det fleire gonger teke opp mot eit døger før reserveferje er på plass. Han meiner ferjesambandet ikkje blir høgt nok prioritert.

- Samfunnet blir lamslått

— Bøndene får ikkje levera mjølk. Folk som skal på arbeid med bil står fast. Heile samfunnet blir lamslått, seier Johannesen som meiner det er på høg tid at fastlandstilknytinga «Fjelbergsambandet» kjem på plass.

— Folk på Fjelberg har blitt lova vegsamband i 25 år no. Det er på tide at noko skjer, seier han.

Ved Fjellberg Landhandel fekk dei varene sine onsdag, takka vera skyssbåten, men tanken med mjølk blei ståande att på kaien.

— Nesten all transport er blitt lamma i dag, seier Sølvi Fosse ved landhandelen.

— Me blir ganske hard råka når me bur på ei øy og er avhengig av ferja. Mange har utsett reisa i dag, men elles har det gått greitt for dei som kunne reisa med skyssbåten, seier Jon Landa som køyrer skyssbåten.

Plan for veg godkjend

Ordførar Synnøve Solbakken (Ap) i Kvinnherad har stor forståing for frustrasjonen.

— Eg er heilt einig i at reserveferjemateriellet er for langt vekke. Når du står der og skal på jobb, tek det altfor lang tid, men dette er Norled sitt ansvar, seier Solbakken.

Når det gjeld vegtilknyting for øyane, er ho glad for at Kvinnherad kommunestyre i haust godkjende plan for Fjelbergsambandet. Ho vedgår at det har teke lang tid, men forklarer det med Riksantikvaren si handsaming av funn av fornminne i traseen og diskusjon kring framtida til ferjesambandet Sydnes-Utbjoa.

— Ferja mellom Sydnes og Utbjoa er utsett for å bli ein del av finansieringa av Fjelbergsambandet. Det vil sikkert mange - særleg på Halsnøy - vera ueinige i, seier Solbakken.

- Kva tid trur du Fjelbergsambandet kan realiserast?

— Målet er absolutt å få på plass Fjelbergsambandet, men når du ser kor lang tid det har teke så langt, spørst det kva tid det kjem.

«Sveio» til reparasjon

Administrerande direktør i Norled, Ivan Fossan, seier han ikkje vil spekulere i årsaker til at det har vore to grunnstøytingar og eit nestenuhell på ferjestrekninga det siste året.

Han fortel at reserveferja MF «Fitjar» no er sett inn i sambandet, og vil gå til MF «Sveio» er reparert. Det er enno uklart kor lang tid reparasjonen vil ta.

— Reserveferja har større kapasitet enn MF «Sveio», så eg trur ikkje kundane vil merke nokon stor skilnad.

- Kvifor tok det eit halvt døgn før reserveferja var på plass?

— Det tek alltid litt tid når man skal flytte på ei ferje, og vi hadde fokus på sjølve hendinga i går. Vi er godt innanfor fristen i kontrakten, seier Fossan.

VIL HA BRU: - Bøndene får ikkje levera mjølk. Folk som skal på arbeid med bil står fast. Heile samfunnet blir lamslått, seier Stig Johannesen på Halsnøy.
OVE OLDERKJÆR
AVHENGIG AV FERJA: - Nesten all transport er blitt lamma i dag, seier Sølvi Fosse ved Fjelberg landhandel. ARKIVFOTO: KNUT STRAND