Mykje frustrasjon kom fram då Frp-ordførarane i Hordaland tok turen til Austevoll måndag. I finaveret sessa dei seg rundt bordet i kommunestyresalen og fekk del i plagene som miljøvernavdelinga til fylkesmannen i Hordaland påfører planleggjarar og kommunepolitikarar i øykommunen.

Austevoll skal visstnok vera ein «versting» her i landet når det gjeld byggjing i strandsona. Noko ordførar Helge André Njåstad avviste. På ein verstingkurve som han viste fram låg Austevoll langt nede på lista.

Millimetermål

— Vi ligg langt bak kommunane rundt Oslofjorden og langs sørlandskysten, seier Njåstad.

— De såg det då de kom med ferja. Mange idylliske øyar og holmar. Det var ikkje mykje spor etter byggjing i strandsona.

Bjørn Vefring i byggjesaksavdelinga i Austevoll snakka om detaljstyring og bruk av millimetermål når fylkesmannen tek føre seg forslag til kommunedelplanar.

— I kontakt med sentrale styresmakter høyrer vi at det må vera rom for lokalt sjølvstyre. Lokalt opplever vi at byråkratiet til fylkesmannen set bom for lokaldemokratiet, seier Vefring.

Staten tente 9 millionar

Sjølvsagt får også staten sitt når Frp-ordførarar er på ferjetur. Ikkje nok med at ferjebilletten på Krokeide-Hufthamar er påplussa 54 kroner i bompengar for Austevollsambandet. Helge André Njåstad opplyser at staten tente 30 millionar kroner i meirverdiavgift på anlegget. Løyvinga frå staten var 21 millionar kroner. Liv Signe Navarsete tok altså med seg 9 millionar kroner i forteneste etter at ho hadde klypt snora 17. november 2006.

Austevoll kjem og dårleg ut på skatteutjamninga. Kommunen har lite att sjølv om verdiskapinga per innbyggjar ligg himmelhøgt over gjennomsnittet i dei industrialiserte landa i verda.

— Vi skjønar ikkje at Austevoll skal straffast med 30 millionar kroner, samstundes som t.d. Øygarden får tilført 23 millionar kroner, seier Njåstad.

Staten må ha ansvaret

Austevoll er den einaste større kommunen i Hordaland som er, og vert verande, 100 prosent avhengig av ferje. Salongen om bord i «Vikingen» er difor rette staden til å understreka Framstegspartiet sitt krav om gratis ferjer.

I tillegg står partiet på kravet om at riksvegferjene må vera staten sitt ansvar også etter at forvaltingsreforma er inn-ført frå 2010. Stortingsrepresentant Arne Sortevik, som og var med til Austevoll, peikar på faren for fragmentering av norsk samferdsle når ansvaret for riksve-gane vert overført til fylkeskommunane får neste år.

Sortevik er redd for at fylkeskommunane ikkje vil ha økonomisk evne til å sikra den standard og kvalitet som er naudsynt på riksvegnettet, medrekna ferjene.

STYRKJETÅR: Frp’arar krev gratis ferjetur, men betalar gjerne for kaffien om bord i «Vikingen». Frå v. Varaordførar Bjarte Vatnøy, Lindås; ordførar Terje Søviknes, Os; ordførar Knut Hanselmann, Askøy; ordførar Helge André Njåstad, Austevoll og ordførar Gunnar Bakke, Bergen.
JOHN LINDEBOTTEN
STATEN TOK: Byggjginga av Austevollsambandet gav staten ein gevinst på 9 millionar kroner, seier ordførar Helge André Njåstad. Bompengane, 54 kroner for bil, vert betalt på ferja.