Dette melder NRK Troms og Finnmark.

Stiftinga "Skagerrak", som arbeider med trykkleiksspørsmål, sette frem krav om ei eiga kommisjon som skulle granske hendinga.

Dramatisk

— Det var dramatisk, sa kaptein Arild Hårvik til Bergens Tidende etter nestenulykka.

Det var like etter klokka 04.00 natt til 14. desember 2003 at sørgåande hurtigrute miste motorkrafta på Stadhavet. I 8-10 meter høge bølgjer og stiv nordleg kuling med storm i kasta, svikta overføringssystemet frå motorane til propellanlegget.

Då maskineriet svikta, var hurtigruteskipet kring 1000 meter nord om Bukketjuvane. Om bord var 102 passasjerar og eit mannskap på 59. Flesteparten av passasjerane var norske. Men om bord var også eit følgje på 25 engelskmenn, og nokre japanarar og tyskarar.

Sette anker

Mannskapet sette straks begge ankera, og la dei ut i lang strekkflate for at dei skulle halde betre. På det eine ankeret la dei ut alt dei hadde av kjetting, 300 meter. Men den kraftige vinden og store sjøen gjorde at ankerfortøyningane ikkje greidde å halde det store skipet i ro.

— Dei største sjøane slo over baugen. Når desse kom, eller når vinden stod på som hardast, merka vi at det rykka til i skipet. Så dreiv vi eit stykke, før ankera på nytt fann feste på sjøbotnen, fortel kapteinen.

Straks alvoret i situasjonen var klart, blei det slått full alarm om bord, og sendt Mayday-signal. Hovudredningssentralen sende redningsskøyta «Platou» frå Måløy og dirigerte tre helikopter til området.

Ingen teikn til panikk

Passasjerane blei varsla over det interne høgtalaranlegget. I tillegg gjekk mannskap rundt på alle lugarane. Dei reisande blei først samla på restaurantdekket. Då mannskapet hadde forsikra seg om at alle lugarane var tømt, blei passasjerane ført til livbåtane på åttande dekk. Der fekk dei på seg overlevingsdrakter og redningsvestar, og to livbåtar blei klargjort for å bli sette på sjøen.

— I alt tok det 25 minutt frå alarmen gjekk til alle passasjerane var samla på restaurantdekket. Når vi tek omsyn til at dei låg og sov og måtte kle på seg, og at vi gjennomsøkte heile skipet, meiner eg det var akseptabelt. Situasjonen om bord var heile tida roleg. Det var ingen teikn til panikk verken hos passasjerar eller mannskap, fortel kaptein Hårvik.

Bomma med sleparen

I området låg fisketrålaren «Tenor», og denne kom raskt til då Mayday-signalet var sendt ut. To gonger prøvde mannskapet på hurtigruta å skyte slepar om bord på Tenor, men begge forsøka mislukkast.

— Første gongen kom ikkje «Tenor» nær nok. Andre gongen bomma vi på grunn av vinden. Vi stod klar til å gjere eit tredje forsøk, då vi fekk maskineriet i gang att, opplyser kaptein Hårvik.

Etter at andre forsøket på å få slepehjelp frå trålaren mislukkast, blei passasjerane bedt om å gå i livbåtane. Der blei dei sitjande til hurtigruteskipet hadde fått propellane i gang att og situasjonen var avklara.

— Eg ville vente lengst mogleg før livbåtane blei sette på sjøen. Dersom vi måtte gjort det, ville vi gått til Ervik på Stad. Då snakka vi trass alt om ein tur på tre-fire nautiske mil i svært høge bølgjer, seier skipperen.

Tryggast om bord

Då maskineriet kom i gang att klokka 05.37, låg skipet berre 100 meter frå skjeret.

Arild Hårvik seier han vurderte det slik at det tryggaste for passasjerane var å vere på fartøyet. På pressekonferansen som kapteinen heldt om bord i «Midnatsol» i går ettermiddag, gjorde han det også klart at det slett ikkje var sikkert at livbåtane ville blitt sett på vatnet sjølv om skipet hadde gått på Bukketjuvane.

— Så lenge ankera heldt, ville vi kunne kontrollert ein slik situasjon. Det ville ikkje vere fare for at skipet skulle kantre eller gå ned, så lenge vi hadde godt ankerfeste, meinte kapteinen.

Etter at maskineriet kom i gang att, gjekk «Midnatsol» til kai i Florø.

<b>I TRØBBEL;: <b/>Hurtigruteskipet MS "Midnatsol" stanset utenfor Stad søndag morgen.
Forsvarets 330-Skvadron/SCANPIX