EYSTEIN RØSSUM

EIR STEGANE

Dei seks ungdommane frå Fyllingsdalen vart pågripne 2. april, etter at det var oppdaga eit innbrot på Ortun skule. Politiet kom over gutane ved ein Statoil-stasjon i nærleiken, og fekk mistanke om at dei kunne ha med innbrotet å gjere.

Dei seks vart tatt med til politihuset og plassert i kvar si celle. Sistemann vart sleppt laus halvannan time etter pågripinga. Saka mot gutane vart seinare lagt vekk på grunn av bevisets stilling.

To av foreldra klaga skriftleg på politiets bruk av glattcelle og handjern. Først etter at lokalavisa Sydvesten hadde omtalt historia, vart klagen sendt vidare frå Hordaland politidistrikt til politiets særskilde etterforskingsorgan, Sefo, for etterforsking.

På grunnlag av Sefo-etterforskinga meiner statsadvokat Gabrielsen at politiet hadde grunn til å mistenke gutane, og at det var heilt i orden å pågripe dei. Ho har difor lagt vekk saka mot polititenestemennene som eit ikkje straffbart forhold. Dette er i tråd med konklusjonen frå Sefo-etterforskinga. Den manglande journalføringa gir ikkje grunnlag for ein straffereaksjon mot politiet, ifølgje Gabrielsen.

— Alle gjer ting i jobben sin som dei gjerne kunne gjort annleis, men i denne saka har politiet ikkje handla slik at dei skal straffast for det, seier statsadvokaten.