Som to av dei første skulane i landet skulle Sandsli videregående og U Phil videregående i Åsane tilby toårig vidaregåande skule for elevar som ville jobbe litt ekstra.

Men no må Hordaland fylkeskommune droppe prosjektet, i alle fall for neste skuleår.

— Grunnen er at vi framleis ikkje har motteke svar frå Utdanningsdirektoratet på søknaden vår om dispensasjon, seier inntaksleiar Nils Skavhellen ved Utdanningsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Politikarane i fylket var tidlegare i vår positive til forsøksordninga, og opplæringsdirektøren var glad for det nye alternativet for dei mest skuleflinke.

— Skulen har eit problem med elevar som kjedar seg. Vi ønskjer å tilretteleggje eit tilbod for dei mest motiverte elevane, sa opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld til BT.

Dei to skulane skulle gjere ein vanleg klasse om til ein «turboklasse» innan allmenne, økonomiske og administrative fag. Elevane skulle få 40 timars arbeidsveke. 30 timar skulle vere undervisningstimar, resten gruppearbeid og individuelt arbeid. Slik skulle dei få byrje på universitet eller høgskule eitt år før sine jamaldringar.

Utdanningsminister Kristin Clemet har oppfordra skular til å satse på denne typen tilbod til skuleflinke elevar, men Utdanningsdirektoratet klara altså ikkje å svare på søknaden tidsnok til at søknadsskjema kan sendast ut og behandlast før skulestart i august.

Men fylkeskommunen vil ikkje gje opp prosjektet for godt.

— Vi vonar at tilbodet kan kome i gang ved dei to aktuelle skulane frå skuleåret 2006-2007, seier Nils Skavhellen.

Hellerud videregående skole i Oslo annonserte liknande tilbod i vinter. Men det blir likevel ingen eliteklasse der. Grunnen er at berre ni søkarar melde seg..

— Dette er eit sensasjonelt tilbod, sa assisterande rektor Dagny Bull til Aftenposten i januar.