— Det er vondt å registrere at klimaet har blitt som det har blitt, seier leiar i Aurland Venstre, Terje Horvei, om stemninga som har utvikla seg i kommunen i samband med cruiseprotestane i sommar.

BT har tidlegare skreve om rundballprotestane til bønder i Flåm. Onsdag rapporterte BT om at Flåm Utvikling hadde sagt opp leigekontrakt med ein flåmsvering på grunn av måten han hadde markert avstand til nivået på cruisetrafikken i bygda.

I eit brev skreiv utleigaren at han kjente seg forsøkt knebla for meiningane sine og at lysta til å framleis bu i bygda var lik null.— Dette er nok eit symptom på at vi må setje oss ned og snakke saman i staden for å opptre på den måten ein har gjort i sommar, seier Horvei.

Ny cruisekai

Venstre-leiaren trur at om stemninga i kommunen er dårleg i dag, er det moglegheiter for at den kan bli enno verre framover.

Aurland hamnevesen er nemlig i gong med å greie ut moglegheitene for ei andre cruisekai, i Tjøresva ved Aurlandsvangen.

Horesvei er usikker på den politiske viljen til å vedta noko slikt, men trur at det kan føre til enno steilare frontar om det blir noko av.

— Eg trur det ville bli kraftige reaksjonar, sjølvsagt blant cruisemotstandarar, men eg meiner også at kommunen har nådd sitt mettingspunkt når det gjeld cruiseturisme, seier Horvei.

Til neste år kan også realisering av ein såkalla Seawalk - ein hydraulisk, flytande landgang - bli del av arbeidet med ein større reguleringsplan for kommunen.

- Hinsides fornuft

Therese Turlid i Aurland Arbeiderparti vil ikkje kommentere prosjekta før dei er ferdig utgreidde. Det vil heller ikkje gruppeleiar i Aurland Høgre, Monica Finden.

— Før vi tek eit endeleg vedtak må vi ha alle fakta på bordet. Men i utgangspunktet er det viktig å hugse at om det ikkje var for cruisetrafikken er det mange arbeidsplassar her som ikkje ville eksistert, seier Finden.Monica Gjesdal Larsen frå Miljøpartiet De Grønne i Aurland treng ikkje vente på utreiinga for å uttale seg om moglegheitene for verken ny cruisekai eller seawalk-anlegg.

— Vi er mot begge deler. Ny cruisekai i Aurland er hinsides all fornuft, både i forhold til miljø og infrastruktur. Vi har ikkje kapasitet. Ein seawalk i Flåm er heller ikkje noko å satse på, seier Gjesdal Larsen.

BT har ikkje klart å kome i kontakt med representantar frå Senterpartiet for kommentarar.

- Totalt destruktivt

Medan cruiseprotestane i sommar har gjort Flåm til sentrum for turismedebatten, har store delar av det politiske Aurland hatt ferie. Leiar i Aurland Venstre, Terje Horvei, varslar politisk opprydding over sommaren.

— Eg trur nok sommarens hendingar i Flåm, som kulminerer i hærverk på desse rundballane, har gitt folk ein tankevekkar, seier Horvei.BT skreiv i helga om bonde Anders Fretheim, som laurdag vakna opp til tolv oppskorne og øydelagde rundballar han hadde nytta til cruiseprotest.

— Vi må setje oss ned, både politikarar og næringsliv, og drøfte dette, for vi kan openbart ikkje ha slike tilstandar lengre. Det er totalt destruktivt, seier Horvei, som ønskjer diskusjon om storleiken på cruisetrafikken, mogleg avlasting frå nabokommuner, og korvidt ein kan dreie meir av turiststraumen over mot landbaserte aktiviteter.

BT har så langt ikkje klart å kome i kontakt med Aurland Hamnevesen for kommentarar.