Agjerda om å leggje ned ferjeruta vart teken no rett før jul. Fjord1 tener ikkje lenger pengar på å frakte turistar på strekninga i dei hektiske sommarmånadane, melder NRK Sogn og Fjordane.

Trass i at dei i fjor frakta kring 40.000 passasjerar på strekninga, går drifta så vidt i balanse.

Selskapet varsla nyleg ei storsatsing på turisme gjennom eit samarbeid med Flåm AS, der det no blir etablert eit eige selskap som skal satse på trafikk på fjordane.

— Vi ser at passasjertalet har gått drastisk ned dei siste åra, og no har vi kome til eit punkt der vi ser at det balanserer nokolunde økonomisk, men det gjev ikkje gode nok resultat. Vi ønskjer også å disponere ferjemateriellet annleis. Vi har behov det materiellet på andre ruter for komande sesongar, seier driftsdirektør i Fjord1, Stian Hårklau, til NRK.