I neste veke går siste last med talkum til fabrikken i Knarrevik i Fjell. 95 år med talkum, både gruvedrift/mølle, går over i historien.

Råstoffet tok slutt

Gruva i Framfjorden vart dreven i nær 80 år før råstoffet tok slutt i Sogn. Men kvaliteten og produksjonsmåten var så unik i Framfjorden at Norwegian Talc fann det lønnsomt å hente råstoffet frå ei gruve i Altermark i Nordland, for talkumframstilling i Framfjorden-mølla.

— Etter fleire års eksperimentering har vi erfart at det er nyttelaust å få til lønsam produksjon i Framfjorden, seier Per Gunnar Leversen i Norwegian Talc til Sogn Avis.

Dermed blir det Knarrevik som tek over heile produksjonen, etter at fabrikken i Fjell kan handtere den teknikken som til no har vore unik i Framfjorden.

Hittil i år har talkum-produksjonen i Framfjorden gitt ein million i minus.