Legg ned skulane
Kvam heradsstyre har nettopp vedteke å legga ned ungdomsskulane i Norheimsund og Ålvik.
AV: arne hofseth
Les også:
Vedtaket vart gjort med 15 mot 12 røyster.
Mindretalet røysta for rådmannen sitt 17 punkt lange framlegg til finansieringsopplegg for fire ungdomsskular i heradet.
Vedtaket:
1. Kvam heradsstyre vedtar at det skal vera to ungdomsskular i Kvam herad frå hausten 2009.
2. Rådmannen legg fram sak om dei økonomiske og organisatoriske konsekvensar av dette.
3. Rådmannen får fullmakt til å innarbeida innsparinga i budsjettet for 2009.
Dermed skal elevar ved Ålvik og Norheimsund ungdomskular flytte til Kvam ungdomsskule i Øystese frå neste skuleår.
Ungdomsskulelevane ved Strandebarm barne- og ungdomsskule held fram på sin flunkande nye skule på Tangerås.
Røystinag vart gjort ved namneopprop.
Lege og hjartestartar i beredskap
Ein lege stod klar til innsats medan slaget om ungdomsskulen vart utkjempa i Norheimsund i kveld.
Faldedører til siderom vart opna då dei folkevalde tok plass i heradsstyresalen i Kvam rådhus. Likevel var det ikkje plass til alle frammøtte, dei fleste elevar ved Norheimsund ungdomsskule.
Brannsjef Bjørn Johansen sytte for at det ikkje kom fleire inn enn rømmingsvegane har kapasitet til. Resten måtte ta plass ute på gangen, der debatten kunne høyrast over høgtalarar.
Før møtet tok til, orienterte brannsjefen om naudutgangar og prosedyrar om ein situasjon skulle oppstå. Skulle nokon få eit illebefinnande, skulle dei sitja på plassen sin, og venta på hjelp.
– Vi hadde ein lege på plass, med hjartestartar i bilen utanfor, fortel rådmann Harald Inge Andersen.
Han understrekar at tiltaket var gjort etter føre-var-prinsippet, og like mykje med tanke på tilhøyrarane som debattantane.
Sagt i skuledebatten
– Kvam er i ferd med å bli eit omgrep i skulesaka. Andre omgrep er Texas, Chicago og polsk riksdag
Harald Inge Andersen, rådmann.
– Det er ellevte i ellevte i dag, same dato som freden etter første verdskrigen.
Kjell Reidar Huus, Upol
– Ordførar! Fram til vedtaket er gjort, vil eg titulera deg som ordførar.
Hallvard Totland (V)
– Vedtaket i dag blir ståande som eit historisk svik.
Knut Aage Vikøy (Ap)
– Det er heilt reelt av Norheimsund å kjenna seg svikta. Eg vil ha meg fråbede sigersglis på den andre sida.
Ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Ap)
– Det har oppstått eit topartisystem her i Kvam, eitt parti for Øystese og eitt for Norheimsund.
Varaordførar Oddvar Brakestad (H)
– No har de (Øystesefraksjonen) storlaksen på kroken. Catch and release er eit godt prinsipp.Skap forsoning. La han fara .
Lars Ragnvald Djupevåg (V).
– Når vi skal landa denne saka, må vi ikkje landa med V-stil. Då vert spriket verre. La ikkje eit par avhopparar bli vinnarar.
Geir Mo (Frp)
Les også
Siste fra Lokalt
fakta/skulesaka i Kvam
- I 2003 sette politikarane skulestrukturen i Kvam på dagsordenen. To år seinare vedtok Kvam heradsstyre at ungdomsskuleelevane i Norheimsund, Øystese og Ålvik skulle gå på éin skule – i Øystese.
- Før kommunevalet i 2007 mobiliserte bygdefolk i Norheimsund for å behalde ungdomsskulen sin, og fekk fleirtal i det nye heradsstyret.
- Vedtaket om felles ungdomsskule vart oppheva i desember 2007, men då var ombygging og utviding av ny ungdomsskule i Øystese i gang.
- I dag står nye Kvam ungdomsskule til åtti millionar kroner halvtom.
Slik røysta dei tysdag kveld:
Røystinga vart gjort ved namneopprop
1= mindretalet
2= fleirtalet
Aksnes 2
Berge 2
Botnen 2
Brakestad 1
Djupevåg 1
Drage 1
Flotve 2
Gauden 1
Hellestveit 2
Huus 2
Kjosås 2
Lillevik 2
Mo, B 1
Mo, G 1
Opsal-Engen 2
Selsvold 2
Skeie 1
Storaas 1
Stuve 2
Tolo, I 1
Tolo, R 1
Totland 1
Tveit 2
Valland 2
Vik 2
Vikøy 1
Øyri 2
Relaterte bilder
FOTO: FINN ARNESEN (MMS)
