Helse Førde fekk i går kveld klarsignal til å avvikle sjukehusdrifta i Florø. Medan Helse— og omsorgsdepartementet tidlegare har sagt konsekvent nei til å endre sjukehusstrukturen, snudde dei på flisa og sa ja til å avvikle Florø i går kveld.

Sjukehuset i Florø har siste åra vore drive i samarbeid med kommunane Flora og Bremanger. Drifta av nærsjukehuset har blitt omtala som eit pilotprosjekt innanfor spesialisthelsetenesta, og mange har meint at Florømodellen burde prøvast ut andre plassar. I staden blir det altså nedlegging.

Den dramatiske økonomiske situasjonen er årsaka. Helseføretaket i Sogn og Fjordane styret mot eit underskot som truleg blir på minst 90 millionar kroner i år. Føretaket vil spare 20 millionar på å avvikle drifta i Florø, i tillegg vil dei få inntekter frå salet av den store sjukehuseigedomen midt i sentrum.

I framlegget som styreleiar Clara Øberg presenterer på styremøtet som tek til no i føremiddag, skal Helse Førde drive vidare ein liten poliklinikk i Florø. Den polikliniske aktiviteten skal skje i leigde lokale. I følgje firda.no ligg det inne i framlegget at ingen funksjonar skal leggjast ned ved sentralsjukehuset i Førde.