Konsekvensen blir at det blir eit felles legekontor på kommunehuset på Storebø.

Ordførar Helge Andre Njåstad seier til Kystradioen at det er ei målsetjing å spara 400 tusen kroner på årsbasis i forhold til 2003 ved å samlokalisera legekontoret.

Internt i helse— og sosialetaten har det vore usemje i spørsmålet om samlokalisering.

Ordførar Njåstad tilhøyrte sjølv mindretalet som framleis ville ha legekontor i Bekkjarvik.

Bekkjarvik Eiendom AS hadde redusert leiga med 50 prosent, men dette var ikkje nok til framleis å sikra legekontor i Bekkjarvik.