VIDAR YSTAD, RAGNHILD HOV og NTB

I staden skal det bli eit «nærsjukehus» i Flora og ei jordmorstyrt fødestove ved sjukehuset i Lærdal. Avdelingane ved sjukehuset i Flora skal overførast til sjukehusa i Førde og Lærdal.

Dette er i tråd med tilrådinga frå styret for Helse Vest, som dermed har fått viljen sin.

«Modningsprosess»

Styreleiar Mai Vik i Helse Vest sa etter føretaksmøtet at dette er så langt dei kan gå i denne omgang. Ho seier at styret har vore igjennom ein modningsprosess, og vil ikkje spå korleis sjukehusbiletet er om ti år.

Høybråten har stilt fleire vilkår for å godta endringane. Han krev at det blir dokumentert innan 1. november i år at vilkåra er oppfylt, før endringane kan settast ut i livet.

Helse Førde må dokumentere at dei gjennomfører eit «pilotprosjekt» for å etablere eit offentleg nærsjukehus i Flora.

Endringane i Flora kan ikkje gjennomførast utan at ein kan dokumentere at det ikkje fører med seg auka arbeidsoppgåver for kommunehelsetenesta.

Når det gjeld Lærdal må det dokumenterast at fødestova vil få døgnkontinuerleg kompetanse for å kunne gjennomføre keisarsnitt som akuttoppgåve.

Grunngjevinga

— Avgjerande for meg har det vore å sikre god kvalitet på tenestene - at innhaldet held fagleg forsvarleg mål. For det andre at helsetilbodet er å finne tilstrekkeleg nær til der folk bur. Dette blir ei avveging, og eg meiner vi har funne ein god balanse. Nokre vil hevde at tryggleiken ligg i at alt blir som før. Eg vil hevde at det er det mest usikre ein kan ha. Eg har motteke så klare faglege råd at eg ikkje kunne oversjå dei. I dette lyset meiner eg vi har truffe rett val, seier Dagfinn Høybråten.

Professor Pål Øyan, som er leiar for nasjonalt råd for fødselshjelp, seier i ein kommentar at avgjerdene er «veldige fornuftige og forsiktige».

Høybråten vil ikkje i dag seie noko om kva tilbod og bemanning eit nytt «nærsjukehus» i Flora vil få. Men han hevdar at han er overtydd om at det vil bli ein interessant arbeidsplass.

Sogn Regionråd vil vurdere fleire alternativ i den vidare kampen for fødeavdelinga i Lærdal. Søksmål mot staten, som eig helseforetaket Helse Vest RHF, er eit av alternativa.

— Vi ser av vedtaket at brevet vårt, kor vi påpeiker saksbehandlingsfeil, ikkje er vurdert, seier Olav Wendelbo, styreleiar for kommunesamarbeidet Sogn Regionråd, til NTB. Regionrådet vil i første omgang gje helseministeren høve til å svare på dette brevet.

— Skjer ikkje det, er søksmål eit av alternativa vi vil vurdere, seier Wendelbo.

Advokat Halfdan Mellbye i advokatfirmaet Lindh Stabell Horten DA har på oppdrag frå regionrådet sett på den juridiske sida av vedtaket. Mellbye konkluderer med at det er klare rettslege manglar ved saksutgreiinga og at det er gjort feil som er så alvorlege at det kan ha påverka innhaldet i vedtaket.

HJELPTE IKKJE: Underskriftskampanjen til forsvar for Lærdal sjukehus førde ikkje fram. Helseminister Dagfinn Høybråten følgde tilrådinga frå styret for Helse Vest. ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND