Vedtaket blei gjort samrøystes. Også dei tilsette sine representantar stemde for, etter at to av dei tidleg i styremøtet prøvde å få saka utsett.

Nedlegginga av sengeposten er sterkt omstridd. Det rører ved strukturen på heile sjukehusavdelinga, og i Flora fryktar dei dette er første steget mot full nedlegging.

Det var Dagfinn Høybråten som i si tid som helseminister oppretta nærsjukehuset som eit pilotprosjekt. Mykje tyder på at noverande statsråd Sylvia Brustad kjem til å vurdere om sjukehusstyret for Sogn og Fjordane kan avvikle sengeposten.

bt.no kjem attende med meir.

TERJE ULVEDAL (mms)