Som Bergens Tidende skreiv tidlegare denne veka, meineradministrasjonen og no også styret at det ikkje har lukkast å etablere eittilbod som er føreseieleg og robust nok.

Helse Førde viser mellom anna til at ei fødestove i Lærdal ipraksis berre ville vere eit tilbod for dei to kommunane Årdal og Lærdal, og atdet forventa fødselstalet ved ei slik fødestove vil ligge så lågt som mellom 20og 25 i året.

Saka skal no slutthandsamast av styret i Helse Vest, og detligg med dette an til at det vert sett punktum for ein mangeårig strid rundtfødetilbodet ved Lærdal sjukehus.

Overfor Bergens Tidende sa lokalsjukehusaktivist Bente ØienHauge at ho ikkje vil gje opp kampen for fødetilbodet i Lærdal før alt hå er ute.

I dag gjentek ho dette overfor NRK:

— Vi gjev ikkje opp før dette er endeleg avgjortav Helse Vest, seier ho til nrk.no.