I morgontimane i dag blei dei tilsette i helseføretaket orienterte om dei dramatiske kuttframlegga administrasjonen meiner er nødvendig for å få sjukehusvesenet i Sogn og Fjordane til å gå i balanse.

Helse Førde har dei siste åra hatt årlege underskot på frå 101 til 189 millionar kroner. Eigaren, Helse Vest, har stilt krav om at helseføretaket må gå i balanse frå 2012.

Administrasjonen ønskjer å halde på eit sterkt sentralsjukehus i Førde. Lokalsjukehusa i Eid og Lærdal skal i framtida drive med dagbehandling og poliklinikktilbod med ambulerande personell frå Førde sentralsjukehus.

I ein overgangsfase vil det likevel vere nødvendig å ha sengepostar ved begge sjukehusa, fødetilbod på Nordfjord sjukehus og ortopedi i Lærdal.

Saka skal opp for styret i Helse Førde komande fredag.

Kva meiner du om spareplanen til Helse Førde? Sei kva du meiner.