Det er ei faggruppe som har tilrådd endringane styret i dag slutta seg til, omtrent med akklamasjon.

— Arbeidet som er gjort med denne saka, er noko av det mest innovative og framtidsretta i mi tid i styret. Eg trur denne modellen kan få nasjonal be-tydning, sa styremedlem Helge Bryne.

Avgjerda inneber at sentralsjukehuset i Førde får kvinneklinikk. Ved lokalsjukehusa i Indre Sogn og Nordfjord skal det opprettast einingar for svangerskap, barsel og kvinnesjukdomar. Her skal det mellom anna vere døgnkontinuerleg vaktordning med jordmødrer.

Helse Vest skal ta endeleg stilling til planen.