Det slo ned som ei bombe då det i formiddag vart kjend at styreleder Øberg ønskjer å legghe ned både fødetilbodet og akuttfunksjonane ved sjukehusa i Eid og Lærdal innan to år.

Dermed går ho lenger enn det administrasjonen tidligere har teke til orde for.

Forslaget vart ved 12-tiden vedtatt av styret i Helse Førde — mot stemmene frå dei to tilsette-representantene.

Om ikkje helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen eller Helse Vest går med på forslaget, vil Øberg krevje meir penger.

«Full kostnadsdekning», heiter det i innstillinga til styret.

— Vi kan ikkje leve på lovnader. Vi må halde oss til realitetar. Og realiteten er at ingen har lovt oss meir pengar og at vi har eit krav hengande over oss om å styre innanfor dei rammer Stortinget har tildelt oss, sa styreleiar Clara Øberg.

Både i Nordfjord og Indre Sogn er reaksjonane sterke på vedtaket. Nordfjordrådet har alt bedt om møte både med stortingspolitikarane frå fylket og helesminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

— Situasjonen for Nordfjord sjukehus har aldri vore så alvorleg som no. Helseministeren må gripe inn. Ord og lovnader om at lokalsjukehusa skal bestå, må no følgjast opp med pengar, seier leiar i rådet, Selje-ordførar Gunn Helgesen.

Saken oppdateres.

Hva mener du om kuttene i lokalsykehusene? Si din mening her.