Eigarselskapet Bakehust Tunold er ikkje fornøgd med økonomien til Sogndalsavdelingent, og velger frå 1. oktober å køyre brøda til Sogndal frå bakeriet sitt i Jølster.

Dei tilsette er ifølgje Sogn Avis skuffa fordi dei ikkje får sluttpakkar. Sogndal har frå før mista både meieriet og slakteriet. Bakeriet i Sogndal leverer også brød til Årdal, som no må hente bakarvarene den lange vegen frå Jølster.

Det er Bakehuset Tunold på Nordfjordeid som eig Fjordbakst i Sogndal. Tunold er ei av dei største bakerikjedene i landet etter fleire oppkjøp i det siste.