Det er dei mest dramatiske framlegga frå arbeidsgruppene som har vurdert innsparingar i Helse Førde, helseføretaket i Sogn og Fjordane.

Dramatisk

I Florø kan sjukehuset bli omgjort til ein psykiatrisk poliklinikk med 12 årsverk. I dag er det 116 årsverk ved sjukehuset.

I føremiddag blei dei tilsette rundt om på dei ulike institusjonane informert om dei dramatiske endringane. Tilrådingane blir offentlege på ein pressekonferanse seinare i dag.

Styret i Helse Førde skal i april/mai bestemme seg for kva endringar som skal gjerast for å få orden i økonomien i helseføretaket.