Kor stygge konstruksjonar skal tillatast i frukthagane i Hardanger, nasjonalromantikken si høgborg? Her kan det bli diskusjonar så busta fyk framover.

Medan morellfestivalen er i gang i Lofthus prøver Planteforsk ut nye dyrkingsmetodar på oppsida av riksvegen.

Tunnelar av plastkledde aluminiumskonstruksjonar kan vera framtidsløysinga for fruktbonden som ikkje vil oppleva at kastevinden flekkjer bort plast for 100.000 kroner på nokre sekund, utan at forsikringsselskapa vil erstatta skaden.

— Plast er komen for å bli. Diskusjonen om «plastbelagte Hardanger», «halve Hardanger under plast» og den slags påstandar er over. Morellar kan i dag ikkje dyrkast rasjonelt nok utan plast, seier fastivalgeneral Magnus Opedal til Bergens Tidende.

Han jobbar til dagleg i rettleiingstenesta.

Plasten som i dag er vanleg, vert festa i ulike former for trekonstruksjonar. Stolpar og tverrplankar vert ståande oppe heile året, men impregneringsfargen gir god kamuflasje. Sjølve plasten er på plass berre ei kort tid på året, etter bløminga.

— Estetikarane er redde for at aluminiumskonstruksjonane skal skjemma ut Hardanger, også medan dei står avkledde for plast, mesteparten av året. Enkelte meiner at dagens trekonstruksjonar er innanfor tolegrensa, medan dei nye tunnelane vert for stygge, seier Opedal.

Han fortel at tunnelar er brukt på Sørlandskysten med godt resultat. Der er det mykje vind, men lite kastevind som i Hardanger. Difor er ein spent på korleis forsøkstunnelane på Lofthus vil klara seg når plasten er strekt. Førebels er trea på forsøksfeltet så små at det ikkje er aktuelt med plast.

— Har ein først investert i aluminiumsprofilane, så er plasten lettare å handtera. Det kan vera aktuelt å strekka plasten litt tidlegare enn no, og dermed unngå ein runde med sprøyting, seier Opedal.

Reiselivsdirektør Helge Møller i Reisemål Hardanger Fjord meiner «aluminiumstelta» vil slå negativt ut for turistnæringa.

— Du veit det vil jo skjemme det landskapet vi freistar å marknadsføre. Vi har skrytt av at det er reine vinmarkene å sjå når du køyrer langs fjorden, seier han.

Samstundes forstår han fruktbøndene.

— Vi må tenkje på dei som skal bu og ha sitt innkome i Hardanger òg, seier han, og viser til nedlegging av gardsbruk og sterk konkurranse frå Tyrkia.

— Vi har full forståing for dette, men sett frå turistnæringa sin ståstad er det eit tilbakeskritt, seier han.