«Fyra personer har som skäligen misstänkta anhållits for terroristbrott, alternativt förberedelse därtill. De kan ha anknytning till terroristverksamhet som inte utövas i Europa», var den knappe meldinga som statsadvokat Agneta Hilding-Qvarnström sendte ut tysdag.

Ved Qvarnströms kontor fekk BT i går opplyst at det ikkje ville bli gitt ytterlegare kommentarar før tidlegast i dag.

Nektar skuld

Heller ikkje advokatane til dei fire får lov til å seie noko — ikkje ein gong kven dei representerer.

— Eg kan stadfeste at eg representerer ein av dei fire. Eg har vore med han i to lange avhøyr hos politiet. Han nektar straffeskuld, seier advokat Peter Mutvei til BT.

Ein annan av advokatane, Ola Salomonsson, fekk i går beskjed frå påtalemakta om å møte til fengslingsmøte i Stockholms tingsrätt i dag.

— Eg har ennå ikkje sett skriftleg kva han er sikta for. Men min klient nektar straffeskuld for det politiet hevdar han har gjort, seier Salomonsson til BT.

Ikkje valdsbruk

Ifølgje svensk TV4 er dei tre som er sikta, utanom 28-åringen med Vestlandsbakgrunn, ein 25-åring frå Irak, ein palestinsk 29-åring og ein 35 år gammal svensk statsborgar med libanesisk bakgrunn. 29-åringen vart tatt i Malmö, dei tre andre i og omkring Stockholm.

Aksjonen vart koordinert og gjennomført av politiets nasjonale innsatsstyrke, som slo til i 07-tida måndag morgon.

— Det gjekk svært roleg for seg. Vi behøvde ikkje bruke vald, uttalte sjefen for styrken, Bertil Olofsson til svenske aviser tysdag.