Eit smutthol via Sverige, køar for å kome i gang med turnustenesta og store endringar i sjukehusstrukturen har sett ordninga under press.

— Så langt ligg det ikkje konkrete framlegg på bordet. Men vi opplever debatten slik at det kan kome endringar, seier assisterande fylkeslege i Sogn og Fjordane, Einar Hovlid.

I Helse- og sosialmeldinga frå Helsetilsynet i fylket viser Hovlid til innlegg i tidsskriftet for legeforeningen, og åtvarar dei mot konsekvensane dette kan få for rekrutteringa av legar til utkantane. Turnustenesta har vore svært viktig for å få legar til å etablere seg i distrikta.

Svensk smutthol

Turnustida er ei læretid på eitt og eit halvt år i overgangen mellom medisinstudiet og arbeidet som sjølvstendig lege. Under rettleiing skal nyutdanna legar få innsyn i den praktiske legegjerninga både i kommunehelsetenesta og på sjukehus.

Dei siste par åra har likevel nærare 80 doktorar blitt godkjende utan desse 18 månadene med praktisk erfaring. Dette er legar som har teke utdanninga i utlandet, i land som ikkje har turnustenesta som ein del av utdanninga. I utgangspunktet skal studentane gjennomføre 18 månader turnus før dei får norsk autorisasjon.

Men det finst eit smutthol. Det heiter Sverige. Svenskane godkjenner legar frå alle EU-land. Ein felles nordisk avtale seier at alle som er godkjende som legar i Sverige, også har krav på å bli godkjende i dei andre landa. Resultatet er at ei rekkje norske legar siste åra har teke seg ein svipptur innom nabolandet for å få godkjenning. Norske styremakter har ikkje noko anna val enn å godkjenne dei.

Månader i kø

Utvidinga av kapasiteten på medisinstudiet har dessutan ført til ventelister for turnustenesta. Ved siste fordeling søkte 620 studentar om turnusplass. Mindre enn 400 plassar var tilgjengelege. Kring 200 studentar som er ferdige med den teoretiske delen av utdanninga må dermed vente eit halvt år før dei kjem i gang med turnustenesta.

I tillegg har endringane i sjukehusstrukturen gjort at mange må flytte på seg fleire gonger i løpet av turnustenesta. Dette er no situasjonen i Sogn og Fjordane der sjukehusa i Eid og Lærdal ikkje lenger kan tilby ei fullgod turnusteneste.

Rekruttering

Når fylkeslegekontoret i Sogn og Fjordane no engasjerer seg i saka, er likevel viktigaste grunnen at dei fryktar for framtidas rekruttering til legeyrket. Det er langt større sjanse til å få ein nyutdanna som tek turnustenesta i Sogn og Fjordane til å halde fram, enn å få ein etablert lege til å flytte på seg.

— Når vi no engasjerer oss i denne saka, er årsaka at vi fryktar ordninga med turnus i dagens form kan stå for fall. Dersom utdanninga blir endra, utan at det blir sett i verk andre tiltak for å få legar ut i distrikta, kan det fort få store konsekvensar for helsetenesta i eit fylke som Sogn og Fjordane.

— Men no blir det utdanna fleire legar enn nokon gong før. Kvar blir dei av?

  • Godt spørsmål. Erfaringa er at «overskotet» ikkje nødvendigvis flyttar ut i distrikta, seier Einar Hovlid.