Årsaka er den spesielle alderssamansetjing på legespesialistane i Helse Førde. Svært mange av doktorane som jobbar i Førde kom til sentralsjukehuset då det stod ferdig i 1979. Desse er no i ferd med å bli pensjonistar.

— Vi har ei alderssamansetjing på legane våre som gjer at mange vil slutte om relativt få år. Dette er ei stor utfordring for oss. Vi må i åra framover rekruttere langt fleire nye legar enn det vi har hatt behov for siste åra, seier personaldirektør Jan Birger Moe.

Den såkalla 79-generasjonen har lenge vore eit omgrep i sjukehusvesenet i Sogn og Fjordane. Dette var legespesialistane som kom til Førde for å byggje opp det nystarta Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. Mange av desse hadde røter i området, og blei verande. I åra etter har desse vore krumtappar i spesialisthelsetenesta. No er desse pionerane ved Førdesjukehuset i ferd med å nå pensjonsalderen.

Også ved lokalsjukehusa er situasjonen vanskeleg. Lærdal har i fleire år slite tungt. Ein stor del av pasientbehandlinga ved sognesjukehuset blir halde oppe av vikarstafettar med svenske legar. Dette kostar helseføretaket dyrt.

— Det største trugsmålet Helse Førde står overfor er mangel på legar, seier Moe.