KJERSTI MJØR

Horgen skriv i eit brev til innbyggjarane at kommunen gjer narr av arbeidet hans, og at fleire legetenester er oppsagde frå 1. april.

Men ordføraren reknar med at tilbodet blir som før. Dermed er det full forvirring om legetilbodet på Fedje frå og med i dag.

Ordførar Erling Walderhaug (H) sit i salongen på MF «Fedjefjord». Han gløttar på oss over brillekanten.

— Han har ein veldig god avtale, for å seie det mildt, seier Walderhaug.

— Du meiner altfor god?

— Det kan du godt seie. Nokon må jo betale.

Han snakkar om løna til kommunelegen på Fedje. I 2002 tente Ernst Horgen vel 2,4 millionar. Av desse kom 1.930.000 kroner frå Fedje kommune.

I tillegg har Horgen inntekter blant anna frå refusjon, eigenandelar og tilskot som distriktslege, og han er rådgjevande lege for Åsane trygdekontor.

- Bør gå ned 400.000

Kommunebudsjettet til Walderhaug er kring førti millionar kroner. Kvar tjuande krone blir brukt til å løne legen på ei øy med kring 780 innbyggjarar.

Dette er altfor mykje, meiner kommunepolitikarane, som vil reforhandle avtalen med Horgen. Kravet er at legen skal arbeide like mykje for langt mindre.

— Det et på seg og et på seg. Det blir for dyrt for oss, seier ordføraren.

— Kor mykje bør Horgen gå ned i lønn?

— Det vil eg ikkje seie, men han skal framleis tene godt. Horgen har vore ein god mann for Fedje, og vi har hatt ei veldig stabil legeteneste.

Rådmann Vidar Bråthen svarar langt meir direkte på same spørsmål.

— I underkant av 400.000 kroner. Då nærmar vi oss ein sum som er handterbar for ein liten kommune som vår.

Lite glamour

Ernst Horgen møter oss på kaia. Vi spør om å få ta eit bilde av ordføraren og kommunelegen saman. Dei er partifellar i kommunestyret, og gamle kjende.

— Så de er på talefot, spør BT.

— Klart det, svarar ordføraren.

Det blir taust.

Vi set oss inn i Golf'en til Horgen, og køyrer opp til legekontoret. Det ligg i ein tretti år gamal, lite glamorøs bygning over vegen frå butikken.

— Sa du glamour? Eg er frå Gyldenpris. Glamour er ikkje mi sterkaste side, seier bergensaren tørt.

Linoleumen er blå, veggene gule. Den kvite legefrakken heng på ein knagg bak døra. Dette har vore Horgens kontor sidan han kom til Fedje i 1982.

Då var han 28, og bestemt på å bli i tre år. No er han femti, og framleis her.

— Eg trivest veldig godt. Mor og far min var frå øya Horgen i Austevoll. Havet står meg nær.

«Gjort narr av»

Førre veke fekk innbyggjarane på Fedje post frå kommunelege Horgen.

— Eg har aldri sendt ut eit liknande brev før. Men så har eg vel aldri følt katastrofa så nær, heller. Vi føler oss truga, både kona mi og eg, seier Horgen til BT.

Innleiingsvis står det at kommunen ikkje held seg til lovlege avtalar, og har mistenkeleggjort og gjort narr av arbeidet til Horgen. Saka kan ende i Bergen Tingrett, skriv legen.

Vidare skriv han at kommunen har sagt opp avtalen om daglegevakt frå 1. april, og at dette fører til ein alvorleg reduksjon i legetilbodet på øya.

Også avtalen om at Horgen skal skaffe legevikar ved fråver, og tilsynslegeavtalen for sjukeheim, helsestasjon og skulehelseteneste, er sagt opp frå 1. april, skriv han i brevet. Dette er realitetane, ifølgje Ernst Horgen.

— Kommunen har gjeve klarsignal om at dei ikkje vil betale for desse tenestene. Det oppfattar eg som ei oppseiing.

- Folk skremde av brevet

Ordføraren likte ikkje at Horgen sende brevet. - Han burde ikkje gjort det. Ein del folk er blitt skremde og engstelege. Stemninga er hausa opp, meiner han.

Og verken ordførar eller rådmann går med på at dei har sagt opp gjeldande avtalar med Horgen.

— Men vi må prøve å få prisane ned, vi har ikkje noko val. Av og til må ein setje i gang tiltak, og seie at nok er nok. Men Horgen har takka nei til lokale forhandlingar. Derfor er meklinga løfta opp til eit høgare nivå mellom Kommunenes Sentralforbund og legeforeningen, seier Bråthen.

— Kva skjer med legetilbodet på Fedje frå 1. april?

— Eg trur ikkje det skjer noko. Eg reknar med at vi kjem fram til ei minneleg ordning, svarar Walderhaug.

Best på skatt

Horgen sit på kontorstolen sin. Han fortel om ein typisk arbeidsdag.

— Den tek til klokka 7:30, kvardag som helg, og varer til 22 eller 23.

— Korleis held familien din ut med ein som jobbar så mykje?

— Eg jobbar jo ein del frå kontoret heime. Så har eg ei kone som er glad i meg og eg i henne. Ho jobbar også mykje, og vi har likt å ha det slik.

— Men ordføraren meiner du tener altfor mykje?

— Åh? Det har han aldri sagt til meg. Tvert om har Walderhaug i alle år sagt at om han hadde jobba like mykje som meg, ville han ha tent mykje meir, hevdar Horgen.

— Men kunne du jobbe for mindre lønn?

— Eit godt spørsmål. Eg prøver å halde meg til det som tariffavtalen definerer. Men ein lege som jobbar 24 timar i døgeret, får fort høg inntekt. Særleg utan «kreative løysingar», for å sleppe skatt. Eg gjev opp kvar einaste krone eg tener, og fører berre opp 40.000 kroner i frådrag. Eg har ikkje firmabil eingong.

Ikkje misunnelege

Folk på kaia kvir seg for å uttale seg offentleg om striden.

— For å vere ærleg, veit eg ikkje heilt kva eg skal tru. Eg er forvirra, seier ei kvinne, som ikkje vil ha namnet i BT.

— Eg er svært nøgd med Horgen, men politikarane heng seg opp i at han er for godt betalt. Men han har vakt 24 timar i døgeret, og eg misunnar han ikkje. Han må jo ha betalt for jobben.

Los Einar Idsøe er samd.

— Så lenge Horgen får betalt i høve til gjeldande avtalar, misunnar eg han ikkje, Han må jo få betalt for å gå med mobilen på heile døgeret.

Ordførar og los Erling Walderhaug var oppført med 704 800 kroner i inntekt i 2002. Det er 3,5 gonger mindre enn kommunelegen.

— Eg tener nok. Eg kan ikkje anna enn å ete meg mett, svarar Walderhaug på spørsmål om han er nøgd.

Han tek ein liten tenkepause.

— Jaja. Eg kunne jo lege borti Karibia.

MILLIONINNTEKTER I årevis har kommunelegen på Fedje, Ernst Horgen, lege øvst både på inntektstoppen og skattetoppen på øya. - Eg har betalt meir skatt enn tjue skipsreiarar og advokatar til saman, ler han. Men politikarane meiner at legetenestene hans er altfor dyre.<p/>FOTO: ØRJAN DEISZ
PARTIFELLAR: Lege Ernst Horgen(t.v.) og ordførar Erling Walderhaug sit i kommunestyret for same parti. Men dei er usamde om kor mykje legetenestene på Fedje skal koste.<p/>FOTO: ØRJAN DEISZ
FORVIRRA: Einar Idsøe har lese brevet frå kommunelegen, og er usikker på kva legetenester som blir tilgjengelege på Fedje frå 1. april. - Det er jo litt snodig om det blir endringar, utan at kommunen har orientert om det, seier han. Her med dottera Kristina.<p/>FOTO: ØRJAN DEISZ